Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Billegare buss til Bergen

Del | |
For pendlarar vert det billegare å ta buss til Bergen frå nyttår.
Publisert 07.12.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Fleirtalet i fylkesutvalet kjem i morgon til å gå inn for eit forslag om førti prosent reduksjon i prisen på periodekort for strekninga Nordhordland- Bergen.

Prisreduksjonen vil såleis retta seg mot dei pendlar til eller frå Bergen i samband med arbeid.

? I første omgang er dette eit prøveprosjekt som skal gå frå 1. januar 2006 til 1. juni 2006, seier Pål Kårbø, fylkespolitikar for KrF.

Prøveprosjektet startar samstundes med at det vert gratis å kjøra over Nordhordlandsbrua, og skal vera med på å motverka at alle som i dag tek bussen skiftar over til privatbil. Helst skal ein få fleire til å reisa kollektivt, slik at ikkje det vert kø av arbeidspendlarar på vegen til Bergen.

? Om dette prøveprosjektet går bra, vil det verta vidareført. Då kan det også verta aktuelt å innføra same tiltak også i andre område, seier Kårbø.

Askøybrua vert nedbetalt i 2006, og også der ventar ein auke i privatbilismen. Også i retning sør frå Bergen, mot Os, er det aktuelt med redusert pris på periodekort dersom dette slår an i Nordhordland.

I dag vert saka handsama i samferdselskomiteen, og der har KrF sin representant Grethe Lunde tidlegare snakka varmt for billegare buss. No er det klart at fleirtalskoalisjonen i fylket med KrF, Høgre og Frp vil gå inn for prosjektet både i komiteen i dag og i fylkesutvalet i morgon.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler