Bom tilbake til Kalneset, «Meland mot uansett»
Ole Lysø (Ap) kom med harde utfall mot Meland i bompengestriden i Regionrådet måndag. Solbjørg Åmdal Sandvik (H) gjekk bort frå den solidaritetslinja ho tidlegare har stått på. Resten av ordførararane støttar bom ved flytebrua og på Kalneset, ikkje Lunde. Lindås hadde ingen politikarar på det andre regionrådsmøtet på rad.
Publisert 21.05.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
? Det er vanskeleg å fordøya at Meland så hardt ser ut til å gå mot den nye bompengepakken, no når me lengst ute skulle sjå noko att på vegfronten. Situasjonen i Meland hadde neppe vore så sprek i dag utan den bompengeutbygginga me alle har hjelpt til med i mange år, sa ein tydeleg irritert Ole Lysø.
Kommentaren kom etter at Åmdal Sandvik hadde varsla at ho ikkje støttar fase I av ein ny bompengepakke. Hovudgrunnen er at Nyborgtunnelen ikkje er med i denne fasen.
? Det ser ut for at viljen manglar frå Meland si side. Kommunen ser no meir mot Bregen og tenkjer iklkje lenger Nordhordland som region, sa ein like skuffa Olav Steinar Namtvedt.
Radøy-ordføraren viste til at det no er snakk om å fullføra ei utbygging og å få på plass viktige tilførselsvegar til E39.
? Det vert arbeidd seriøst med vegar uansett korleis Meland stiller seg. Men eg er redd også Nyborgtunnelen vert sett vesentleg tilbake om Meland ikkje er med på denne pakken, sa Namtvedt.
? Utan ein slik pakke vert det slik eg ser det vanskeleg å «smita inn» prosjekt i Nordhordland i den Transportanalysen som no er utarbeidd for Bergensregionen, sa regionrådsleiar Håkon Matre.
Negativ stemning
? Denne saka er kontroversiell i Meland. Etter møte med gruppeleiarane er det klart at denne søknaden ikkje får noko fleirtal i Meland kommunestyre. Her er det ikkje snakk om noko «close race» eingong. Det er ikkje stemning for dette i det heile, sa Åmdal Sandvik.
Ho gjorde det klart at problemet er at Nyborgtunnelen ikkje er med i fase I
? Eg kan ikkje la vera å lytta til signala frå dei andre partia. Då vert det berre eit nei frå Meland, og det er for defensivt, sa Åmdal Sandvik. Ho hevda at dei fleste partigrupper i Meland er positive til ei bompengepakke, men ikkje den som no ligg på bordet og der hovudtyngda av midlar går til ny riksveg over den nordlege delen av Radøy.
Åleine
Ved avrøystinga vart Åmdal Sandvik ståande åleine på sitt framlegg. Det har same ordlyden som Meland-ordføraren viste Strilen før møtet for ein månad sidan, men der Åmdal Sandvik grunna sjukdom ikkje nådde tidsnok fram til avrøystinga.
«Regionrådet ber styret for Nordhordlandspakken AS om å arbeida ut eit framlegg til finansieringsløysingar slik at vegprogrammet i Nordhordlandspakken kan bli realisert. Vidare må det no arbeidast aktivt for å få flest mogeleg av prosjekta med i Nasjonal transportplan 2010-2019. I den samanheng er det særleg viktig å syta for at Nyborgtunnelen kjem på plass», er ordlyden frå Åmdal Sandvik.
¬? Det verkar som om Meland berre tenkjer at «Berre me har fått vårt», så er me ikkje interessert i resten av regionen, var Ole Lysø sin kommentar. Han sikta til at spesielt Meland har fått nyta godt av Nordhordlandbrua.
? Ikkje taktikk
? Eg meiner me i Meland framleis er solidariske med dei andre kommunane, sa Åmdal Sandvik på spørsmål frå Strilen etter møtet. Ho oppmoda dei andre om å sjå på hennar framlegg. Åmdal Sandvik avviste også at taktisk tenking i det komande kommunevalet spelar inn for korleis politikarane i Meland stiller seg.
? Korleis trur du Fylkestinget stiller seg dersom Meland skulle verta einaste kommunestyre som går mot ein ny pakke?
? Det får ein berre venta og sjå. Dei skal vel sjå heile regionen under eitt. Men eg tvilar på at Lindås kommunestyre står samla bak ein pakke, seier Åmdal Sandvik.
Lindås fråverande
Lindås stillte ikkje med politikarar verken på gårsdagens eller føregåande møte i Regionrådet.
? Brandvik kunne ikkje stilla, og så vidt me forstod det, kunne heller ikkje Gaulen stilla, seier dagleg leiar Eilif M. Berntsen etter møtet.
? Håkon Matre hadde seint søndag kveld fått ein e-post frå Brandvik der ho melde at ho ikkje kunne stilla og at eg også var forhindra. Eg har ikkje fått spørsmål frå Brandvik om å stilla, og det kunne eg ha gjort, seier Gaulen.
? Det var meininga at eg skulle stilla, men seint søndag måtte eg ombooka billetten til Oslo. Dermed rakk eg ikkje Regionrådet før eg skulle reisa måndag. Meldinga til Matre gjekk kl. 23.45 søndag, og då var det for seint å melda frå til Gaulen, seier Brandvik, som sjølv prioriterte sentralstyremøte i Ap.
Tilbake til Kalneset
I Regionrådet for ein månad sidan røysta dei som kunne stilla for bompengepakke med innkreving av bompengar ved Nordhordlandsbrua og på Lunde på Radøy.
Det var tilrådd av vegutvalet i Regionrådet: Håkon Matre, Olav Steinar Namtvedt og Tove Linnea Brandvik.
Etter nærare vurdering, har Namtvedt no kome til at kommunegrensa mellom Lindås og Radøy, på Kalneset, likevel er det beste for å ta inn bompengar.
? Innkreving på Kalneset er enklare å takla innad i kommunen enn på Lunde, sa Namtvedt. Som tidlegare omtalt har det kome fleire fortvila minnspel frå foreldra som vil få store utgifter ved å køya born frå og til aktoivitetar på Sæbø skule. Namtvedt trur ein skulle funne ordningar for dette, men alt i alt ser han no Kalneset som best for ein bom på Radøy.
Regionrådet bortsett frå Solbjørg Åmdal Sandvik støtta denne endringa. Dei som gjekk inn for fase I av ein ny vegpkakke, var Håkon Matre (Masfjorden), Olav Steinar Namtvedt ( Radøy), Erling Walderhaug (Fedje), Ole Lysø (Austrheim).
Søknaden om løyve til bompengefinansiering av fase 1 vert no oversendt dei enkelte kommunestyra til uttale. Før saka kjem opp der, skal ho også opp i møtet som representantskapen i Regionrådet skal ha 1. juni.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]