Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Borgfrid skremde vekk innbrotstjuvane

Del | |
AUSTRHEIM: ? Kjem dei att, skal dei få smaka denne, seier Borgfrid Eide Brügger (77) på Toftegård. 
Publisert 14.03.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Eg var så trøytt etter å ha hatt besøk heile dagen, at eg gjekk og la meg tidleg, fortel Borgfrid om starten på natta ho truleg aldri kjem til å gløyma. Sidan søndag har ho knapt sove, men gått rundt seg sjølv og røykt i eitt som ein skorstein ? endå ho hadde slutta. Først natt til tysdag sov ho nokre timar, og då sov ho med fullt lys på i heile huset.

Stiv av skrekk
Då Borgfrid akkurat hadde krøkt seg godt innunder dyna, ringte det på døra. Då var klokka kvart over elleve. Men trøytt som ho var, snudde ho baken til og tenkte at dersom det var noko viktig, så fekk dei ringja. Men ingen ringte, og Borgfrid la seg for å sova. Mannen Harald var på Hagavik for å ta ein hofteoperasjon, så Borgfrid var heilt åleine heime.
Nokre minutt seinare, syntest ho at ho høyrde nokre bankelydar som kom og gjekk. Og etter ei stund vart bankinga meir intens før ho avslutta med eit dunk. Det var verstasjonen på veggen inne i stova som gjekk i golvet. Deretter vart det ganske stille.
? Etter den første bankinga veit eg ikkje heilt kva eg tenkte, men etter det siste dunket forstod eg at det var folk i huset, seier Borgfrid. Stiv av skrekk haldt ho pusten medan ho høyrde nokon bevega seg rundt i stova. Så gjekk kjøkkendøra opp.

Etterpåklok
? Det var då eg skulle ringt om hjelp, men der og då var eg regelrett livredd for kva som kunne skje dersom eg gav til kjenne at eg var her, seier Borgfrid. Eg trur nemleg vedkomande trudde dei var åleine i huset sidan ingen opna døra då dei ringte på. Og fuglane veit korleis dei ville reagert om dei høyrde meg ringja etter hjelp, seier ho. Stille som ei mus venta ho i mørkret i håp om at tjuvane skulle gå inn att i stova eller opp på lemmen i staden for inn til henne. Men det gjorde dei ikkje.
I det soveromsdøra gjekk opp, skreik Borgfrid «Kom deko vekk» så høgt at vedkomande berre klappa igjen døra og forsvann same vegen som dei kom inn.
? Det dumme var at eg ikkje slo på lyset slik at eg kunne sett kven det var, men kven tenkjer på slikt når ein er midt oppi det, seier ho.

Varsla naboen
Med innbrotstjuvane ute av huset, heiv ho seg over telefonen på nattbordet og ringte eine naboen som igjen ringte politiet. Og berre minutt seinare kom den eine naboen etter den andre for å hjelpa til. Det var då den eine naboen kunne fortelja at terrassedøra stod på vidt gap.
? Terrassedøra er solid med tre låsar, så den er ikkje for kven som helst å gje seg i kast med. Det sa naboane og politiet også, seier Borgfrid.
Naboane hadde heller ikkje sett nokon forlata huset verken med bil eller til fots, og tok difor straks til å undersøkja løe, uthus og naust for å sjå om innbrotstjuvane kunne ha gøymt seg på garden. Men verken naboane eller politiet fann nokon.
? Naboane og politiet både i Lindås og Austrheim har vore heilt fantastiske. Og dei passar godt på meg framleis. Det må du presisera, seier Borgfrid i det telefonen ringjer for minst fjerde gong i løpet av samtalen.
Om vedkomande som braut seg inn var åleine eller om dei var fleire, er ikkje Borgfrid sikker på. Men ho trur ho ville høyrd stemmer dersom dei var fleire. Ho kan heller ikkje sjå at det manglar noko i huset. Men skuffa i buffeen stod open.
? Dei fekk nok ikkje tid til å gjera seg ferdige, seier ho.

Ikkje første gongen
Etter hendinga fekk ho tilbod om å overnatta hjå naboane, men det takka ho nei til.
? Hadde eg vore «bøbberedd» hadde ikkje lagt her åleine i heile tatt, for det er ikkje første gongen me har hatt uvedkomande på besøk, seier ho.
For to år sidan kom det plutseleg ein stige opp framfor soveromsvindauga då mannen Harald sat på sengekanten og skulle leggja seg.
? Den gongen var det han som skreik, seier ho.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler