Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Brå avgang for Radøy-rådmannen

Del | |
RADØY: Ingvard Haug i Radøy har fråtredd som rådmann i Radøy kommune frå nyttår. Ordførar Olav Steinar Namtvedt viser til at det over lang tid har vore usemje mellom rådmannen og den politiske leiinga om korleis kommunen best skal utviklast vidare. Avtalen om rådmannen sin avgang vart godkjend av kommunestyret 1. desember, i lukka møte. Haug si melding til dei andre tilsette,  kom torsdag i form av ei melding på det interne postnettet på rådhuset. Der melde han at han hadde sin siste arbeidsdag fredag.
Publisert 31.12.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Ingvard Haug stadfestar nyttårsafta overfor Strilen at han sluttar som rådmann i Radøy frå nyttår. Her er ordlyden Haug nytta i meldinga han gjekk ut med på torsdag:
"Eg vil med dette orientere dykk om at eg med verknad frå 1. januar trer ut som rådmann i kommunen, og byrjar frå same tidspunkt på deltidsstudie ved NHH.
Bakgrunnen for dette er usemjeom vidare vegval for kommunen, og at eg føler å ikkje inneha det handlingsrom og rammeføresetnader som eg meiner det er trong for i den vidare utvikling av kommunen.
Rådgjevar 1, Leif Taule, vil inntil vidare tre inn som fungerande rådmann.
Eg vil takke for den tida vi har vore saman, og for den innsatsen dykk alle har gjort. Samstundes vil eg ønskje dykk eit godt nytt år."
Ordførar Olav Steinar Namtvedt (Sp) viser også til langvarig usemje om det som vert kalla vidare utvikling av kommunen. Etter avtalen som vart godkjend av kommunestyret 1. desember, skal den økonomiske kompensasjonen haldast konfidensiell.
- Men den økomiske delen er grei og i tråd med tilsvarande avtalar i andre kommunar. Denne typen avtalar er som kjend ikkje heilt uvanleg, seier Namtvedt.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler