Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 
Bra for dagen med mat i magen

Bra for dagen med mat i magen

Del | |

RADØY: Er me dei einaste? Det visste eg ikkje, seier Emilian medan han forsyner seg frå Sæbø skule sin buffé.

Publisert 25.10.11 12:18
Endret 25.10.11 12:18

Emilian går i første­klassen og veit difor ikkje at det ikkje alltid har vore kantine på skulen. Han veit heller ikkje at Sæbø skule er einaste barneskulen i Nordhordland med kantine.

– Då er me heldige, for her får me eta alt me vil, og det er bra for dagen min, kjem det momen­t­ant. Medan han forsyner seg for andre gong, fortel han at det er ost og fisk han likar best.

– Men skinke er også godt, legg han til.

Et dobbelt så mykje
Klassekameratane Bjørnar, Kristoffer, Mathias og Marius fortel at skinke og leverpostei er deira favorittpålegg.
– Og så får me frukt etterpå, seier dei.

At det smakar betre med mat når dei kan forsyna seg sjølve, heller enn å ha matpakke med seg, er dei ikkje i tvil om.

– No et me sikkert fire skiver kvar. Me hadde sikkert berre ete halvparten om me måtte ha matpakke, seier dei.

Ernæring gir læring
Kantina var ein av priori­ter­ing­ane som vart gjorde då Sæbø skule fekk nytt bygg for eit par år sidan.

– Me valte å leggja til rette for ei kantineordning blant anna fordi dei politiske føringane då var heilt tydelege på at alle born skulle ha skulemåltid, seier rektor Rolf Sandstad. Og han er ikkje i tvil om at dei valte rett.

– Ingenting er betre for læring enn god ernæring. Borna vert ikkje svoltne ut over dagen og me serverer sunn mat, seier han.

– Me får heller ingen telefonar frå foreldre som finn mygla matpakkar i sekken når han vert rydda, legg han til.

Måtte vera smidige
For å kunna finna plass til kan­tine i bygget, må kantina også fungera som skulekjøkken og spiserom for skulefritidsordninga. Dessutan vert det for trongt dersom alle dei 133 elev­ane og dei vaksne på skulen skal vera der samtidig. Men alt går når ein vil og er litt lure.

– Me gjer det slik at halvparten av elevane et i kantina, medan resten får servert maten på trillebord i klasseromma. No er det 5. – 7.-trinnet som et i klasse­romma, men dette skal gå på omgang, seier Sandstad.

Men for at alle skal få kjenna på det sosiale ved å ha ei kantine, opnar dei skyvedøra til amfiet og samlar heile skulen til eit festmåltid siste dagen før alle feriar.

– Då har me gjerne litt ekstra pålegg som egg, eggerøre og laks, og gjerne kakao til drikke. Av og til har me hatt suppe også, seier Sandstad.

Alle får same maten
Han meiner ein av fordelane med kantine også er at alle et av same maten.

– Då slepp noko hjarte blø fordi ein heim vartar opp med noko meir enn det kanskje andre får, seier han.

Maten dei får er sjølvsagt sunn. Difor er dei litt forsiktige med syltetøy og anna søtt pålegg.

– Ser me at nokon berre et brunost, så tek me ein liten prat om kor mykje sukker det er i brunosten, seier han.

Dei som av ulike grunnar treng spesiell mat, vert tekne omsyn til så godt det let seg gjera.

– God mat er ikkje godt alltid, så litt variasjon i maten, spesielt i brødmaten, har elevane ønskt seg og fått, seier Sandstad.

Bordskikk og rydding
Med til matøkta, er også bordskikk og rydding. Og dette har gått veldig bra, fortel rektor.

– Alle ved kvart bord hjelper til å stabla saman serviset, og ordens­elevane har blitt veldig flinke til både rydding og vasking av borda, seier han.

I staden for at elevane melder seg på kantineordninga, er alle med inntil dei melder seg av. For maten betaler elevane ti kroner dagen kvar, og rekninga vert sendt heim til foreldra fire gonger i året. Lønn til kantinehjelp i 60 prosent stilling, betaler skulen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler