Braanaas bokdebuterer
GULEN: Ola Braanaas debuterer med diktbok, illustrert og utforma av niesa Vilde Braanaas.
Endret 03.12.11 17:24
– Eg ville skriva om noko anna enn fisk, og eg tykkjer det er viktig å få fram andre sider ved meg enn fiskeoppdrettaren, seier Ola Braanaas til Strilen.
Førre veke lanserte han diktboka «Banebrutt» saman med niesa Vilde Braanaas.
Ola Braanaas fortel at han har skriv dikt i mange år, heilt sidan han var 14 – 15 år, utan planar om publisering.
Det var først i haust planane om bok tok form, fordi niesa tilbaud seg å illustrera og formgje boka.
Ho er nett utdanna designar frå Kunsthøgskulen i Bergen og ville gjerne laga eit bokprosjekt.
Dikta som er med i boka, er stort sett skrivne dei siste 4-5 åra.
Dyslektikar
– Eg har skrive dikt ut frå ting eg er oppteken av i augneblinken. Dikta er stort sett enkle og konkrete, og eg trur folk vil kunna kjenna seg igjen i dei, seier han.
Ein del er ganske personlege, men det får stå sin prøve, seier han. Men han vedgår at han var ganske nervøs for lanseringa i Førde førre fredag.
Sidan han er dyslektikar, har han ikkje lese så mykje andre dikt, og det vil sikkert merkast på dikta hans, seier han.
– Eg har retta litt skrivefeil, men noko har eg late stå fordi det er ein del av Ola, seier Vilde Braanaas.
Det er ho som har stått for utvalet av dikta.
– Eg fekk ein bunke dikt av Ola og har stått heilt fritt til å velja ut det eg ville, fortel ho.
Spesiell bok
Dei to som står bak boka, har kalla henne ein stunt-kreasjon frå utkanten, og det har vorte ei ganske spesiell bok.
Vilde Braanaas har brukt både foto, teikningar og grafiske uttrykksmiddel for å illustrera boka, og dikta er dels attgjeven i handskrift, dels som trykt tekst.
Dikta er korte, stort sett berre eitt vers. Både personlege opplevingar og naturen har vore inspirasjonskjelde.
Illustrasjonane er laga ut frå dikta. Enkelte stader er samanhengen lett å sjå, andre stader ikkje.
God mottaking
Ola og Vilde fortel at boka stort sett har fått god mottaking, og etter nokre dagar hadde dei selt 250 eksemplar.
Ola Braanaas vedgår at boka sikkert har fått litt ekstra mediemerksemd sidan han er ein profilert oppdrettsgründer, men begge meiner at viss boka ikkje har kvalitetar i seg sjølv, vil interessa snart forsvinna.
Vilde Braanaas har gjeve ut boka på eige forlag, men ein har distribusjonsavtale med Fagbokforlaget, og mange bokhandlar har kjøpt inn boka.
------------------------------
Le av oss
Vi skal elske
Leve vår tid
De vil le av oss
Men vi er ett
Jeg skal verne deg
Du vil holde hånden min
De skal ikkje stjele dette
Ikke et sekund
For denne tid er vår
Hysteria
Aldri spiste vi mer av løgnene
Enn da fatet var fullt
Aldri drakk vi mer
Enn da begeret rant over
Vår velstandssyke mave
Tålte ikke mer
Luftslott og illusjoner
Løgnen om det virkelige
Sluker vår skygge
I tåkeheimen
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]







