Brannbilane manglar GPS
MELAND: To brannbilar hamna på ville vegar på Frekhaug torsdag. Heldigvis var det falsk alarm, men denne gongen var GPS sårt sakna.
Publisert 15.09.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
? Det er nok eit spørsmål om pengar, men GPS eller kartplottar slik
ambulansane har, hadde kome svært godt med denne gongen, seier
vakthavande brannbefal Leif-Atle Træland.
Han må berre stadfesta at to brannbilar hamna på ville vegar på Mjåtveitflaten torsdag føremiddag. Etter det Strilen kunne sjå på vasstriper i vegen, var det snakk om to turar i feil retning før bilane koma fram mot huset det skulle vera brann i.
Det tok redaksjonen tre-fire minuttar før Strilen-bilen kunne leggja seg på hjul etter brannbilane. Likevel kunne Strilen sine reporterar spasera bort til huset der alarmen hadde gått samstundes med at brannbilane kom.
Smalt og vanskeleg
? Eg var på plass litt før brannbilane, men dei smale og svingete vegane i feltet gjorde det svært vanskeleg å orientera seg, seier Leif-Atle Træland. Han prøvde sjølv å dirigera sjåførane via telefon, men denne gongen glapp det litt med å finna fram. Dermed kan ein vera glad for at det var falsk alarm.
? Hadde det vore røykutvikling frå huset, ville det naturleg nok vore lettare for sjåførane å finna fram tidlegare, påpeikar Træland. Men han vedgår og at det kunne stått om liv dersom det var ein ulmebrann og ein eldre og hjelpelaus person i huset.
Saknar GPS
Det som skjedde på Frekhaug, aktualiserer uansett ønskjet om GPS eller ein kartplottar i brannbilane til Lindås og Meland brannvern.
? Det vert nok eit spørsmål om pengar, men kanskje denne episoden vil medverka til at me får slikt utstyr, seier Leif-Atle Træland.
Tilbake på kontoret gjekk han inn på «Gule sider» og fann raskt huset der alarmen hadde gått. Då alarmen gjekk, tok han seg ikkje tid til dette. Men med GPS eller tilsvarande utstyr taper ein ikkje tid på leiting. Då er det berre å følgja veganvisinga og køyra rett på huset.
Det vil gjelda alle hus i Nordhordland, etter kvart som vedtekne adresser kjem på plass der dette manglar.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]