Brannfagleg strid om Lindåstunet
To branntekniske konsulentfirma er rykande ueinige om kor vidt Lindåstunet kan ha eldre folk buande. Det kom klart fram på eit møte torsdag.
Endret 12.08.11 18:22
Trygve Conradi i Sweco meiner bestemt at krava i ein nyleg innført standard eller såkalla referanse for nybygg, kalla TEK10, må tilpassast til eksisterande eldre bygg, og at TEK10 såleis ikkje er noko formelt krav for slike bygg. Han føreslår berre eit mindre tiltak med ein ny skiljevegg i korridoren i andre etasje på Lindåstunet for å gjera bygningen litt tryggare.
Skansen Consult stiller med ei heilt motsett haldning, og føreser at store bygningsmessige inngrep må til for å oppnå ein akseptabel tryggleik.
Ordføraren saman med representantar frå administrasjonen og eigedomsavdelinga i Lindås kommune møtte torsdag konsulentane frå begge dei to firma som har avlevert branntekniske risikovurderingar for Lindåstunet. Her var også representantar frå Lindåstunet AS.
Ikkje noko nytt
I møtet vart usemja mellom konsulentane lufta verbalt. Skansen Consult la ikkje fram nokon ny dokumentasjon utover to halvskrevne A4-ark som har vore grunnlag for ei administrativ avgjerd om å byrja å tømma Lindåstunet for faste bebuarar.
Prosjektansvarleg Ståle Eilertsen i Skansen Consult ønskjer ikkje overfor Strilen å kommentera innhaldet i ein 16 siders rapport som er framlagt frå Sweco.
– Eg vil førebels ikkje seia noko. Eg føler at me no må få ro til å gå igjennom dette i ein vidare prosess saman med Lindås kommune. Men eg vil komma attende til innhaldet i Sweco-rapporten på eit seinare tidspunkt, seier Eilertsen.
Han stadfestar at han har lese rapporten. Ståle Eilertsen vil vera til stades når Lindås formannskap 25. august skal handsama sitt avtaleforhold til Lindåstunet.
No jobbar Skansen Consult for å kunne legga fram meir dokumentasjon til handsaminga i Lindås formannskap 25. august. Onsdag var folk frå konsulentfirmaet på Lindåstunet og tok ein del bilde.
Er løysingsorienterte
Styreleiar Ove Jan Paulsen i Lindåstunet har bestellt rapporten frå Sweco, og seier han opplever denne konsulenten som løysingsorientert og konkret, medan Skansen Consult berre vil avseia dødsdom for Lindåstunet.
Kommunen eig bygningen, er såleis i posisjon til å avgjera kor dei vil leggja lista i høve til tolking og gjennomføring av branntekniske krav.
– Me i Lindåstunet saknar stadig ein skriftleg dokumentasjon frå Skansen Consult. Det kan vera at dei og Lindås kommune har hatt gåande ein munnleg dialog, men det vert ikkje me eller andre klokare av. Viss Lindås kommune skal avvikla drifta på Lindåstunet på grunnlag av eit par ark med litt tekst, når det no finst ein annan kvalifisert rapport som peikar fram mot ei konkret løysing, vert det litt for enkelt, meiner Paulsen.
Torsdag 4. august var det lagt opp til at Lindås formannskap skulle ta ei avgjerd basert på vurderinga frå Skansen Consult, men så vart møtet utsett.
Kva vil kosta kva?
Styreleiaren for Lindåstunet har fått høyra at det vil kosta store summar å bringa branntryggleiken på Lindåstunet opp på eit brukbart nivå. I ei saksutgreiing til formannskapet er det nemnt ein forventa kostnad på fleire titals millionar kroner.
– Kva det er som vert så kostbart, og korleis ein vil komma opp i slike summar, det fekk eg heller ikkje i det siste møtet noko svar på, seier styreleiar Ove Jan Paulsen.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]







