Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Brua er betalt

Del | |
No er Nordhordlandsbrua betalt. Det kan Egil Nøttveit konstatera etter at fylkeskommunen sende inn siste avdrag på 55 millionar kroner. Men innkrevinga på Flatøy held fram nokre veker til. Med renter har bruprosjektet kosta nesten 1,5 milliardar kroner. 
Publisert 30.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Det er nesten 33 millionar køyrety som har køyrd over Nordhordlands-brua.

? Ved utgangen av oktober hadde 32.735.565 køyrety passert bomstasjonen, fortel Egil Nøttveit i Hordaland fylkeskommune.

 

Tre gonger ekvator

Mellom 93 og 94 prosent av køyretya er personbilar. Ein personbil i Noreg har ei gjennomsnittslengde på 4,32 meter, ifølgje Opplysningsrådet for Vegtrafikken. Stiller ein dei nesten 33 millionar bilane på ei rekkje etter kvarandre, får ein tidenes bilkø med ei lengd på 142.000 kilometer. Jorda er 40.000 kilometer i omkrins på Ekvator. Dersom køen svinga av i retning verdsrommet, ville den ha nådd meir enn ein tredel av vegen til månen.

? Rekorden på eitt døgn er på 16.526 køyrety over brua, seier Nøttveit.

Den rekorden vart sett fredag 13. mai i år, før ei langhelg i samband med pinse og 17. mai. Den store trafikken inneber at brua no er nedbetalt.

 

Overskot

Sjølv om brukarane no har betalt det brua kosta, vert det ikkje gratis å køyra over ho heilt enno. Pengane som no kjem inn, skal nyttast til to ting: Tilbakebetaling av unytta klipp på brukorta, og fjerning av bomstasjonen.

? Me reknar med at rydding av området vil kosta i underkant av ein million, seier Egil Nøttveit.

Eit bompenge-prosjekt har ikkje lov til å gå med overskot. Men det er vanskeleg å stogga innkrevinga på sekundet når alle kostnader er dekt. Skulle det verta pengar til overs, skal desse nyttast til tiltak i nærområdet ? til dømes til flikking av arealet rundt brua på Flatøy eller Klauvaneset.

 

1,5 milliardar

Nordhordlandsbrua vart i all hovudsak finansiert gjennom eit lån på kring 850 millionar kroner. Lånet skulle betalast gjennom bompengar. Men renteutgifter og andre kostnader gjer at ein er oppe i 1.457.000.000 kroner når bomstasjonen vert fjerna i byrjinga av neste år.

? I tillegg til pengane til sjølve bygginga av brua, har det gått med 5-6 millionar kroner i modellforsøk, seier Egil Nøttveit.

Dessutan har det gått mange millionar kroner til utsprenging av Bognøystraumen og Krossnessund bru.

Lånet vart difor på 892 millionar kroner. Då ein seksjon av brua forsvann i havet under transport til byggjestaden, måtte staten ut med 28 millionar kroner i døgnmulkter på grunn av forseinkinga. Desse pengane har staten fått att gjennom bompengar.

Det har vorte brukt 62 millionar kroner til innkreving av bompengane.

Og sjølv om bompengane har gjeve renteinntekter på 55 millionar kroner, har det gått langt meir renter den andre vegen: 503 millionar kroner har dei reisande betalt i renter og andre lånekostnader.

Renteutgiftene er likevel under halvparten av det ein rekna med. Då lånet vart tatt opp, baserte ein seg på at renta kom til å liggja på 11 prosent i gjennomsnitt. Eit relativt lågt rentenivå gjer altså sitt til at brua er nedbetalt raskare enn venta.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler