Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Brutrafikken opp 23 prosent

Del | |
Trafikken over Nordhordlandsbrua heldt seg høg i heile 2006. I snitt kjørte det 12.250 bilar over brua kvart døgn. Biletet er frå brufesten for eit år sidan, då bommane vart opna for godt.
Publisert 03.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Dermed har trafikkauken som kom etter nyttår halde seg oppe også utover i 2006. Trafikken over brua auka kraftig etter at lukene gjekk att i bompengebuene på Flatøy ved nyttår i fjor, og årsstatistikken for 2006 viser at dette varte ved utover året.
I opningsåret 1994 var det i snitt 6.270 bilar som kjørte over brua, i 2006 hadde dette nær dobla seg til 12.249.

Jamn auke til no
Så lenge det kosta pengar å kjøra over brua var den årlege trafikkauken noko mindre. Men unntak av 1995, då trafikken gjekk noko tilbake, har talet på bilar over brua auka jamt og trutt. Dei siste ti åra har trafikken auka med 400 bilar årleg, med unntak av utviklinga frå 2004 til 2005 då auken var på 500 bilar.
Frå 2005 til 2006 kom så eit hopp med 2.337 fleire bilar i døgnet. I dag går det i snitt åtte bilar i minuttet over Nordhordlandsbrua.

Sommar topptid
Månad for månad er det på sommaren trafikken er størst. Både i juni, august og september var døgntrafikken godt over 13.000 bilar, med høvesvis 13.628 i juni, 13.572 i august og 13.234 i september.
Det kan kanskje vera vanskeleg å hugsa no, etter eit par månader med samanhengande regn, men september 2006 var faktisk ein månad med ganske godt ver. Byfolk på veg til og frå «hytten» kan dermed vera ein av grunnane til at også september bikka over 13.000-talet.

Ein tidel tunge
Delen tunge kjøretøy har halde seg jamn sidan brua opna i 1994. Då var det 10 prosent av trafikken som var tunge kjøretøy, og dette har halde seg mellom 10 og 8,9 prosent i dei tretten åra som har gått. Både i 2005 og 2006 var delen tunge kjøretøy på 9,4 prosent.
Les meir om trafikkutviklinga på Nordhordlandsbrua i Strilen laurdag.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler