Bygdebyen Manger må veksa fortare!
RADØY: Det trengst meir fart i bustadbygginga på Manger. Jordbruksareal nær sentrum bør ofrast, var blant råda kommunen fekk på eit folkemøte torsdag. Odd Matre (i midten) og Oddbjørn Tveiten argumenterte sterkt for at plankonsulent Kjersti Flatråker må finna rikeleg med areal til nye bustader på Manger.
Publisert 07.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
? Skal Manger få ein Europris-butikk krevst det 7.000 innbyggjarar i kommunen. Det går ikkje med denne farten, var Oddbjørn Tveiten sitt klare råd til både ordførar og kommunen sine planleggjarar.
Etter gjeldande plan skal folketalet på sjølve Manger auka frå 930 i dag til kring 1.300 om tretti år. Men ein auke på berre 13-14 personar i året syntest både Tveiten og andre er eit altfor pinglete og svært så forsiktig mål.
? Ja, det er mogleg det talet bør aukast, sa Namtvedt, som noterte ned tips saman med plankonsulent Kjersti Flatråker.
Opp mot 30 personar møtte opp for å gje kommunen råd når kommunedelplanen no skal reviderast.
? Meir i høgda
? Me tek mot alle idear og innspel med takk, sa ordføraren i si innleiing. Sjølv var Namtvedt villig til å ta ein og annan sjanse for å utvikla «Bygdebyen Manger». Han såg det som betre å ha litt store vyer og heller falla litt tilbake enn ikkje å satsa.
? Eit tettare sentrum vil gje betre identitet. Då må me truleg vera villige til å byggja meir i høgda, sa Namtvedt blant anna.
? Meir bustader
Sjølv planlegg kommunen ny pumpestasjon for kloakk. Men etter dagens planar skjer det ikkje noko i marka før i 2010. Dagens anlegg kan gje overløp til Nesvatnet, opplyste Einar Færø ved teknisk etat.
Men det neste store bustadfeltet, på Selfallet, skal ha eige reinseanlegg og seinare koplast inn på det nye anlegget.
Dei fleste innspela kom innan bustadbygging.
? Manger har for lenge lagt etter utan byggjeklare kommunale tomter. Ta med meir bustaderal enn de har tenkt, sa Odd Matre. Han antyda bustadfelt på Nøttveit, sjølv om han og understreka at det er lett å koma med framlegg der andre eig.
? Det er mykje landbruksareal nær sentrum av Manger. Eg trur kommunen må vurdera å ta noko av det til bustader, sa Bjørg Skiftesvik. Ho sikta til områda nord og aust for kyrkja.
Ordføraren viste til at kommunen vil utvida feltet i Urhaugen, men det vert stoppa av Fylkesmannen inntil den nye kommunedelplanen er klar.
Fungerande rådmann Leif Taule viste til at Magnar Klausen jobbar med planar om bustader på eit sentrumsnært område. Det er tenkt høg utnyttingsgrad av arealet.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]