Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Byggevarehus på Ikenberget

Del | |
RADØY/LINDÅS: Stevnebø Trelast AS vil ha ein ny byggevarebutikk klar på Ikenberget i 2007. Dagleg leiar Stein Paulsen viser her området, som ligg like ved riksvegen.
Publisert 15.03.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Satsinga inneber eit fullsortiments byggevaresenter i Ikenberget næringsområde. Like ved riksvegen på Alverflaten kjem det 3500 m2 byggflate med byggevareforretning/-lager, proff-avdeling og eit salskontor for Blink-hus.
? Me har lenge hatt planar om å etablera oss med ny utsalsstad i tillegg til den me har i Bøvågen på Radøy, seier dagleg leiar i Stevnebø Trelast Stein Paulsen.
Stevnebø har ei 103 år lang historie i Bøvågen. Dei vil halda fram på Radøy også etter ei oppretting av ei avdeling på Ikenberget.

Sentralt
? Målet er å ha byggevaresenteret klart våren 2007. Me er svært glade for positive signal frå Lindås kommune si side til planane våre, seier dagleg leiar Stein Paulsen.
Byggjetida for byggevarebutikken vil vera på kring ti månader, og Paulsen trur dei kan vera klare på våren/sommaren 2007.
? Byggevaresenteret vil få ein sentral plass i regionen i åra som kjem, med tanke på den utbygginga ein ser i Meland, Knarvik og i Åsane.
Butikken i Bøvågen ligg for langt unna Knarvik-regionen når det gjeld gjer det sjølv-kundar og proffkundar. For hussal er det ikkje så avgjerande kvar kontoret ligg, men butikken på Ikenberget vil også selja hus.

Nye arbeidsplassar
? Me vil etter kvart også ha behov for nye medarbeidarar, seier Stein Paulsen.
Det kan verta tale om så mange som tjue nye tilsette for Radøy-verksemda.
? Stevnebø Trelast har hatt stor vekst dei seinare åra, og omsette i 2005 for 47.5 millionar kroner med 21 tilsette. Nærleik til marknaden, spesielt på sal til forbrukar og proff, samt ytterlegare satsing på hussal og prosjektutvikling vert stikkord for selskapet i åra som kjem, seier Paulsen.
Stevnebø Trelast sto for oppføring av kring 60 husvære i 2005. Verksemda er medeigar i selskapet NORDEK, som eig konsepta Byggkjøp og Blink-Hus.
? Byggkjøp vart i 2005 kåra til den best likte byggevarekjeda i Noreg. Blink-Hus er ein tradisjonsrik huskjede, med røter på Vestlandet.
På næringsområdet på Ikenberget har Stevnebø Trelast gjort avtale om kjøp av to tomter på i alt sju mål.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler