Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Byggjestopp på Ikenberget

Del | |
LINDÅS. Plan- og miljøutvalet i Lindås vedtok torsdag dele- og byggjeforbod på næringsområdet på Ikenberget. Det inneber blant anna at bygging av det komande Byggkjøp-anlegget stoppar opp inntil vidare. Stoppen er grunngjeven med at det skal finnast ei betre vegløysing, slik Ikenberget velforening ha reist krav om.
Publisert 30.11.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Ikenberget vel er godt nøgd og ser dette som ein førebels siger, seier Atle Gundersen i ein kommentar etter vedtaket torsdag.
I møtet kom først leiar Kjartan Nyhammer (Sp) med framlegg om å stoppa rammeløyvet som er gjeve til bygginga av eit Byggkjøp-anlegg, som Stevnebø Trelast skal driva. Bygningssjef Lars Johan Haukås meinte det ville vera eit betre alternativ å innføra eit dele- og byggjeforbod til ei betre vegløysing er på plass.
Slik det ligg an til no, vil blant anna Byggkjøp-anlegget få gjennomgåande tilkomst, blant anna forbi den private barnehagen og fleire bustadhus. Det er dette som er Ikenberget vel sitt hovudargument for å be politikarane stoppa byggjearbeida.
? Det var OK at det vart gjeve graveløyve til Byggkjøp-bygget, men ikkje eit administrativt rammeløyve som opna for den utbygginga og trafikkløysinga som er i gang, seier Nyhammer etter møtet.
Planutvalet vedtok med ni mot ei røyst (Nils Arne Træland,Høgre) at byggjearbeida skal stoppa og dessutan at det vert nedsett eit hurtigarbeidande utval for å finna ei betre vegløysing. Med i utvalet skal vera folk frå planutvalet, administrasjonen, velforeninga, grunneigar og Statens vegvesen.
? Føler du at utvalet har god nok juridisk ryggdekning for å stoppa byggjearbeida ein har fått rammeløyve til på Byggkjøp-tomta?
? Ja, ut frå fleire grunnar: Det er trafikkmessige omsyn og at trafikken har auka vesentleg sidan førre teljing på riksvegen gjennom Alvermarka, seier Kjartan Nyhammer. Han føler vidare at politikarane i 2002 vedtok plassering av ein barnehage som ikkje tok nok omsyn til trafikksikring.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler