Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 
CO2-fangst frå årsskiftet

CO2-fangst frå årsskiftet

Del | |

Den historiske første fangsten av CO2 på Mongstad kjem i gang ved årskiftet, tre månader etter planen.

Publisert 16.09.11 17:20
Endret 16.09.11 17:20

– Dette er ein type anlegg som aldri har vorte bygd tidlegare. Arbeidsomfanget har vist seg å vera meir omfattade enn venta, og det er grunnen til forseinkinga, seier kommunikasjonssjef Vegar Stokset ved Teknologisenter Mongstad (TCM) til Strilen.

Teknisk Ukeblad skreiv nyleg at Aker Clean Carbo sitt reinsealegg har står ferdig sidan juli i år. «Men sidan det ikkje har kome på plass ei løysing for frakt av røykgass, kan det ikkje starta med testinga», skriv TU.

Må få fram gassI

I følgje Aker kan det gå ut over selskapet sine mulegheiter i kampen om internasjonale karbonfangst-kontraktar.

– Det presise er at sjølve Aker-anlegget var ferdig bygd i juli, men at det stod att ein omfattande overtakingsprosess og retting av feil og manglar. Aker skal også bestå ein ytelsestest før me kan starta ordinær drift. I det store biletet er TCM tre månader etter skjema i høve til å starta opp testinga. Det skjer i slutten av desember eller byrjinga av januar, seier Stokset.

Ut over dette vil han ikkje kommentera Teknisk Ukeblad sin artikkel.

Største i verda

– Testing av CO2-fangst skjer i mindre målestokk her i landet, men det anlegget me snart set i drift, vert det største testanlegget i verda, seier Stokset.

Franske Alstom sitt anlegg basert på ein annan teknologi, vert etter planen sett i drift til sommaren 2012. Ved full drift av testanlegget vil TCM ha kring 50 personar i arbeid.

– Testinga vil gå over 12-18 månader. Etter det kan det og verta aktuelt å sleppa andre aktørar til med ein tredje teknologi på ei ledig tomt på Mongsad. Men dette er det ikkje løyvd pengar til, seier Stokset.

Han vil ikkje peika ut nokon favoritt av Aker og Alstom.

– Ein teknologi kan visa seg god for til dømes å reinsa kolkraftverk, ein annan teknologi for andre anlegg som slepper ut CO2, seier Stokset.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler