Daglegstove for Lindås
Endret 20.08.07 10:49
Det klør i pianofingrane til Astrid Byrknes. Ho har vore
prosjektkoordinator under oppussinga av gamle Knarvik sjukeheim, og har sett
lokalet til senior- og aktivitetssenteret ta form. No er det berre ein liten
månad att til opninga, og då skal pianoet i bruk. Senteret vert eit ope tilbod
for eldre og funksjonshemma frå heile Lindås kommune.
? Her vert det pianospel og syng med oss, seier Astrid
Byrknes, dagleg leiar ved senior- og aktivitetssenteret.
Etter at den gamle delen av Knarvik sjukeheim no er ferdig
oppussa har seniorsenteret fått eit flott lokale med både peiskrok, langbord og
kafé. Her kan seniorar og funksjonshemma i kommunen får koma kvar vekedag,
anten dei no vil kjøpa ein rimeleg middag, vera med på ulike aktivitetar eller
berre prata litt med gamle kjente.
Aktivitet kvar dag
? Her vert det ope frå 10.00 til 15.00. Kvar dag klokka
12.00 vert det ein eller annan aktivitet, seier Astrid Byrknes.
Programmet er klart for dei to første månadene i 2006.
Annakvar fredag stiller Johannes Rydland og Otto Aksnes, like ofte vert det
«Syng med oss». Frå programmet elles kan det nemnast både bingo, ulike foredrag
og datakurs.
Ope for alle
Medan kommunen tidlegare berre har hatt eit dagtilbod til
dei eldre, der det vart gjeve plass etter søknad, vil det nye seniorsenteret
vera ope for alle. Her kan ein koma så ofte ein vil, og om ein ikkje vil vera
med på aktivitetane kan ein berre prata eller lesa litt i aviser.
? Berre det å få prata saman er viktig, seier Rannveig
Reigstad, ein av mange frivillige som har vore med i arbeidsgruppa som har
utgreidd det nye tilbodet.
Dei frivillige frå ulike organisasjonar er ei viktig brikke
for å til denne aktiviteten, som Lindås kommune har sett av to årsverk til å
driva. I tillegg til senteret i Knarvik, som skal opna 11. januar, vonar Astrid
Byrknes at dei også kjem i gang på Ostereidet same månad. Etter kvart skal ein
også få til eit tilbod på Lindås, slik at det vert eit dagtilbod for eldre og
funksjonshemma tre stader i kommunen. I tillegg til dei tilsette vil frivillige
også gjera ein stor innsats.
Frisør og fotpleie
Dagleg leiar ved senior- og aktivitetssenteret i Knarvik,
Astrid Byrknes, fortel at det har berre har vore positive svar frå dei
frivillige. Det som vert spanande no er å sjå kor mange som kjem for å nytta
tilbodet.
? Me vonar at dei som har ærend i Knarvik stikk innom, og
kanskje kan dei gå saman og køyra fleire i lag, seier Astrid Byrknes.
Når ein likevel er innom seniorsenteret vert det også mogleg
å ordna seg på håret eller få stelt føtene. Det er laga til eit eige rom tvers
over gangen for seniorsenteret, der det vert tilbod om fotpleie tre dagar i
veka.
? Kor ofte frisøren kjem til å vera her er ikkje sikkert,
men det er tale om ein til to dagar kvar veke, seier Byrknes.
? Det at me her etablerer ein møteplass, kan også verka
førebyggjande, seier aktivitør ved seniorsenteret Aud Furdal.
? Her kan ein få både sosialt samvær og oppleva ulike
kulturinnslag.
Det vert også fysisk aktivitet, fysioterapeut Reidun Sæbdal
skal stå for timane med «Trim og trall».
? Men tilbodet her handlar ikkje berre om å aktivisera dei
eldre. Her kan dei koma saman og aktivisera seg sjølve, seier Reidun Sæbdal.Ut
på våren vil det nyetablerte senioruniversitetet i Nordhordland også leggja
nokre førelesningar hit. Og også før dette vert det ulike foredrag i
seniorsenteret, både Gaute Gunleiksrud og Asbjørn Åsgaard er på talarlista
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]







