Dankar ut juletorsken
AUSTRHEIM: Geir Henning og Marit Øksnes har sikra seg steinbit til jul og vel så det.
Endret 21.12.11 16:25
Familien Øksnes har vanlegvis lutefisk av torsk 2. juledag, men ikkje i år.
– Du veit når me først får slik «eksotisk» fisk så må me gjera noko bra utav det, seier Marit.
Måndag morgon fekk ho og mannen ein steinbit på 14,9 kilo på garn utanfor Baløy i Austrheim.
Må passa hender og føter
– Det var jo litt av ein fisk å få, men eg har fått steinbit før og veit å passa hender og føter for han. Dei kjevane knuser kva som helst som kjem imellom, seier Geir Henning Øksnes.
Han var åleine i båten då han oppdaga ruggen i garnet.
– Eg har alltid kveiteklepp med meg om bord, nettopp for slike tilfelle, så den brukte eg før eg rulla fisken oppi båten ved hjelp av garnet, seier han.
– Heilt skjelven
– Eg fekk litt av eit sjokk då han kom inn med den fisken. Eg vart heilt skjelven, seier Marit.
Det var ho som sette garnet medan Geir Henning styrte båten dagen før kjempefangsten. Ho deler gjerne taktikken med andre som måtte ønskja storfisk.
– Garnet må ikkje setjast for nært fjøresteinane, men heller ikkje så djupt. Rundt 8-10 meter djupne er bra, røpar Marit Geir Henning fekk jobben med å sløya og filetera.
Det vart godt og vel 10 kilo filet av den 109 centimeter lange fisken. Berre hovudet vog meir enn 2 kilo.
– Steinbiten er for stor til å steikja slik den er, så den skjer me i tynne skiver som me skal steika i ein saus med rømme, reker og kvitvin. Då vert han god til 2. dags middag, seier Geir Henning.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]







