Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Dansk familie på Fedje melder trakassering

Del | |
FEDJE: Ein dansk familie meiner seg utsett for hærverk og annan trakassering på Fedje. No er saka meld til politiet.
Publisert 24.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Situasjonen er no så ille at kona i familien er sjukemeld frå jobben sin på Fedje, og bur for tida med mannen som studerer ein annan stad på Vestlandet.
? I byrjinga oppfatta me det som rampestrekar, men etter tjuveri av postkasse og brev og øydelegging og tjuveri av hagelampar, er grensa nådd, seier mannen i familien.
Dei har no meld saka til politiet og teke ho opp med leiinga i kommunen.
Han seier dei ikkje har hatt nokon problem på Fedje tidlegare, men at trakasseringa starta i oktober i år. I tillegg til hærverk og tjuveri, opplever dei at folk ringjer på døra og deretter spring derifrå seint på kvelden og om natta. Dei har observert fire-fem ungdommar med hettegenser i samband med dette - folk dei ikkje kjenner.
Trass i at det er fleire postkassar ved postkassestativet deira, er det berre deira postkasse som har vorte øydelagt.
? Dersom det ikkje vert gjort noko med dette, ser me oss nøydd til å selja huset og forlata øya, seier mannen. Det synest han i så fall er veldig synd, då dei føler at dei har vorte godt mottekne på Fedje og har likt seg godt fram til oktober.
Rådmann Vidar Bråthen seier til Strilen at han har snakka med familien, og lovar å ta tak i dette.
? Me kjem mellom anna til å ta saka opp med skulen, seier Bråthen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler