Dekkrefusjon også for Nordhordland
Bystyret i Bergen har i samband med innføringa av piggdekkgebyr vedteke ei panteordning der dei som skiftar frå pigg til piggfritt får 200 kroner per dekk. Ordninga vil gjelda også for Nordhordland.
Publisert 21.09.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
Alt i dag utgjer piggfrie dekk over sytti prosent av bilane i Bergen.
No vil bergenspolitikarane ha vekk flest mogleg av dei resterande
piggdekka, og frå 1. november vil det difor vera dyrt å reisa til bydn
med piggane ute.
Dei som likevel vel å ha piggar under dekka må grava i lommeboka og betala for piggkjøringa. For personbilar (opp til 3,5 tonn) vil det kosta 30 kroner for eit dagsoblat, 400 kroner for eit månadsoblat og 1.200 kroner for eit sesongoblat. For bilar over 3,5 tonn er satsane dobbelt så høge.
800 kroner i pant
Men for dei som kjører pigg i dag og vurderer å gå over på mjukare dekk, lokkar Bergen kommune med 800 kroner i pant. Panten er på 200 kroner for kvart dekk, maksimalt 800 kroner for ein bil, og må ordnast i samband med at ein kjøper piggfrie dekk til bilen.
Ordninga er i utgangspunktet retta mot dei som bur i Bergen, men gjeld også for dei som bur i dei omkringliggjande kommunane. Kravet her er då at ein har registrert fast arbeidsgjevar og arbeidsstad i Bergen. I prinsippet skal ein også ha bustadadresse i ein kommune som grensar til Bergen, men hjå Bergen kommune får Strilen opplyst at det nok også er håp for dei bur på Radøy eller i Austrheim.
? Me må sjå akkurat den regelen i lys av kva som er formålet av ordninga, nemleg å verta kvitt piggdekka i Bergen, seier Svein Bollingberg, prosjektkoordinator for innføring av piggdekkgebyr i Bergen.
Han viser til at då ordninga vart innført i Trondheim, hadde dei tilsvarande reglar der. Men også dei som hadde ein kommune mellom seg og Trondheim fekk utbetalt refusjon når dei la om frå pigg til piggfritt.
? Me vil ta sak for sak når dette kjem opp, seier Bollingberg.
Dei som vil ha pant for piggdekka sine må kjøpa piggfritt i perioden 27. september til 31. desember 2006. Og dei piggdekka ein får pant for kan ikkje brukast på andre bilar, men må leverast som avfall.
Småbilane syndar
Bollingberg opplyser at innan gruppa for tunge kjøretøy, bussar og drosjar er det kring nitti prosent som køyrer piggfritt. Når det totale talet likevel er nede i 72 prosent viser dette at småbilane er den store syndaren på pigga dekk.
Bakgrunnen for vedtaket i bystyret er at køyring med piggdekk kvar vinter er med på å gje Bergen dårleg og helseskadeleg luft.
Ordninga vil gjelda for dei aller fleste, med unntak for utrykkingskjøretøy, politiet, dei som har parkeringsbevis for rørslehemma og kjøretøy som er utstyrt for og som driv med salting, strøing eller brøyting.
Skrapeoblat
Så langt er det ikkje heilt avgjort kvar dei som vil ha oblat kan kjøpa desse. Det er planar om å setja opp automatar der ein kan kjøpa ein «pigglapp», Bergen kommune arbeider med å få avtalar med bensinstasjonar, og det kan henda at gebyret kan betalast via SMS.
For dei som berre skal betala gebyr nokre få dagar i løpet i av vinteren anbefalar Svein Bollingberg «skrapeoblat».
? Dette er ei ordning dei har hatt stor suksess med i Oslo. Då kan ein ha fem slike oblat liggjande i hanskerommet, og når ein så vil eit ærend til Bergen er det berre å finna fram eit oblat. Då skrapar ein oblatet slik at rett månad og dato kjem fram, og legg det på dashbordet, forklarar Svein Bollingberg.
Informasjon om gebyret og skjema for refusjon ved innlevering av piggdekk er tilgjengeleg på Internett. Sjå Bergen kommune sine nettsider på adressa www.bergen.kommune.no/piggfritt/.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]