Fire beltegebyr på Fedje

FEDJE: Fedjingane rakk nok ikkje å varsla kvarandre fort nok tysdag då politiet kom med ferja.

[22.02.12 15:38]

Fekk dårleg samvit

KNARVIK: Ein bilførar melde seg til politiet natt til laurdag og sa han hadde vore borti ein parkert bil utanfor Rema 1000 i Knarvik tidlegare på kvelden.

[22.02.12 15:38]

Fyrverkeri på bensinstasjonen

ALVERSUND: Nokre ungdomar i ein bil fyrte søndag kveld opp fyrverkeri like ved pumpene på bensinstasjonen i Alversund.

[21.02.12 10:22]
Brukernavn 
Passord 
Delfinar på julebesøk

Delfinar på julebesøk

MELAND: I heile jula har to delfinar boltra seg i Flatøyosen. Dei er ikkje skvetne, kan Erlend Sylta (15) fortelja.

Publisert 31.12.11 14:14
Endret 31.12.11 13:57

– Eg var ute med garn i går kveld. Då såg eg dei ikkje, men på morgonen i dag var delfinane der igjen, seier Steinar Hansen.
Det er torsdag morgon og Steinar og nevøen Erlend Sylta (15) er akkurat ferdige med å reinska garn. Regnet bøttar ned, men sjøen ligg stille og fin. For den som veit kva som ventar der ute, er det ein flott sjanse til å ta ein svipptur med båten.

– Jaktar sikkert sild
– Dei var der i stad, så eg trur at dei er der enno, seier Erlend.
Han smiler lurt og startar påhengsmotoren. Strilen sin journalist hoppar om bord, utstyrt med regnklede og telelinse.
Det siste skal visa seg å vera unødvendig, for desse delfinane er ikkje av det skvetne slaget.
– Eg trur dei synest det er litt artig at me kjem og ser på dei, seier Erlend.
Me har knapt vore på sjøen i fem minutt, før me før me ser bevegelse i vasskorpa i Søre Eiavika.
– Dei jaktar sikkert sild i vika der, seier Erlend.
Han set ned farten for ikkje å skremma dei. Vel framme i vika sløkkjer han motoren. To straks­ar seinare dukkar to ryggfinnar opp fem-seks meter frå båten.

Har filma med mobilen
– Første gongen me såg dei, trudde me at det var niser. Dei kan likna litt når du berre ser finnane stikka opp av sjøen, men dei oppfører seg heilt annleis, seier Erlend.
Medan niser kan vera vanskeleg å koma tett innpå med båt, sym gjestane i Flatøyosen meir enn gjerne bort til oss. Dei kjem så nært at Erlend kan filma dei med mobilen. Først er dei på den eine sida av båten, så er dei på den andre.
– Dei sym under oss. Sjå no, seier Erlend og peikar på to lyse skuggar i vatnet.
Delfinane kjem gang på gang. Nokre gongar så nære at ein kan sjå dei tydeleg under båten, så bryt dei vassflata ein kort augneblink før dei forsvinn att.
Det går så fort at fotografen for det meste ender opp med bilde av ringar i vatnet, eller eit glimt av ein finne. Om lag ein meter lange
Etter at delfinane ha sumt fram og tilbake under båten ei stund, forsvinn dei i mørket. Regnet ausar ned og fingrane er for lengst iskalde. Plutseleg plaskar det i vatnet att. Eit skikkeleg plask. Ein delfin hoppar så høgt at me ser heile kroppen hans, så kjem den andre og gjer akkurat det same. Deretter hoppar dei samtidig fleire gongar.

Les meir og sjå fleire foto i Strilen i dag 31.12.

Erlend Sylta. Erlend Sylta.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Westland satsar stort

Westland satsar stort

Fornyar og utvidar hotellet fram mot 2018.

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.

      Blant Hareides topp tre

      Blant Hareides topp tre

      Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.

        Godt føre i BKK-rennet

        Godt føre i BKK-rennet

        Andreas Nergård og Claus Sellevoll gjorde det bra på Bulken.

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.

            Kjørte på land i fylla

            LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler