Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Demonstrasjon mot kraftverk-start

Del | |
? Dette er starten på det største enøk-prosjektet i landet, sa direktør Bjørn Kåre Viken ved Statoil Mongstad då dei markerte anleggstarten for kraftvarmeverket i dag. Ei gruppe demonstrantar som hadde møtt fram var ikkje like positive.
Publisert 16.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Viken sa at det er tre store hendingar i Statoil Mongstad si historie; avgjerda om etablering av raffineriet på 70-talet, utvidinga på 80-talet og no avgjerda om å byggja kraftvarmeverket. Med dette anlegget vil Statoil Mongstad verta blant dei beste raffineria i Europa, også når det gjeld energieffektivitet, sa Viken.
Utbygginga inneber også andre miljørelaterte prosjekt på raffineriet til ein verdi av ein milliard kroner. 
? Dessutan vil CO2-fangstanlegget setja Mongstad på kartet, ikkje berre i Noreg, men også utanfor Noreg sine grenser, sa Viken.

Klimaaksjonen mot gasskraftverk, hadde samla ein del demonstrantar på Mongstad rett før markeringa av anleggsstarten. I ei melding skriv dei at det er uakseptabelt at anleggsarbeidet startar opp, før miljørørsla sin klage er behandla av Stortinget.
? Regjeringa mistar alt truverd når den snakkar om at ein ny og betre klimaavtale skal avløysa Kyotoavtalen etter 2012, og samstundes vil auka norske klimagassutslepp med ein million tonn dei første åra ein slik avtale vil gjelda, seier Marte Mjøs Persen, nestleiar i Klimaaksjonen mot gasskraftverk.
Dei meiner og at avtalen mellom Statoil og regjeringa om etablering av eit CO2-fangstanlegg, lett kan omgjerast av ei ny regjering. Ein er altså langt frå sikker på at det kjem eit CO2-fangstanlegg i det heile, meiner aksjonen.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler