Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 
Dempar håpet om  ny Manger-skule

Dempar håpet om ny Manger-skule

Del | |

RADØY: Rådmann Christian Fotland dempar håpet om store ombyggingar på Manger skule. Førre skuleprosjekt gav innføring av eigedomsskatt.

Publisert 04.10.11 12:54
Endret 04.10.11 12:54

Lærar ved skulen Jarnfrid Gunnarson hadde i spørjetimen før kommunestyret torsdag eit spørsmål om skulen. Gunnarson ba om ei orientering om framdrifta for oppgraderinga.
Kommunen har sett ned ei nemnd som saman med fagpersonar ser på kva som må gjerast med barneskulen på Manger.

– Me som bur i Manger-krinsen er glade for at det er flott brukande skular i dei andre krinsane, men no er det vel vår tur? sa Jarnfrid Gunnarson, som ønskjer seg ein ny stor gymsal med plass til heile skulen.

Ikkje nok
Ordførar Jon Askeland svara at Manger skule vert den største investeringa for det nye kommunestyret, men peika på at det ikkje er store ressursar å spela seg med.

– Utfordringa er kommunen sin økonomi. Det er sett av tolv millionar, men er dette nok? undra ordføraren seg.

Svaret kom frå rådmann Christian Fotland, som var raskt ute og dempa Gunnarson sitt håp om ny gymsal.
– I økonomiplanen ligg Manger skule inne med seks millionar i år og seks millionar neste år. Men eg er redd for at store delar av desse 12 millionane går med til å setja bygget i stand etter 2011-krav, sa Fotland.

– Eg skulle gjerne hatt hundre millionar til å bygga ein tipp-topp skule. Men eg trur det nye kommunestyret kjem raskt ned på jorda når dei ser tala for 2012-budsjettet. Og ein må vita at kvar million i investering gjev store konsekvensar for driftsbudsjettet.

Arkitekten har tilrådd at det vert prioritert nye overflater, for både tak, vegger og golv. Alle vindauge skal skiftast, og ein vil prioritera lærararbeidsplassar, slik at personalet får plass utan at ein må bruka dei to brakkene som står bak skulen.

– Ikkje realistisk
– Tilstandsrapporten for Man-ger-skulen er kritisk på mange felt. Inneklima er rimeleg bra, men det er feil og manglar på branntryggleik, peika rådmannen på.

– Eg må dempa forventningane om kva kommunen klarar av løft for Manger skule, når det er tale om ny gymsal og nye undervisningsareal. Det er ikkje realistisk at kommunen kan setja av veldig mykje meir pengar utan at det får konsekvensar for andre ting i budsjettet, eller at ein klarer å skaffa seg nye inntekter, sa Fotland, utan å presisera noko nærare kva nye inntekter det er tale om.

Eigedomsskatt
Dei siste større investeringane i Radøy er finansierte nettopp med ei ny inntekt, nemleg ei utviding av eigedomsskatten til å gjelda også hus og hytter. Denne eigedomsskatten vart innført i samband med at kommunen bygde ny Sæbø skule, og at det kom eit påbygg til Velferdssenteret på Manger.

Per i dag er eigedomsskatten på hus og hytter på tre promille, noko som gjev kommunen ei årleg inntekt på elleve millionar kroner.

Denne skatten kan aukast til 7 promille (kan aukast med to promille årleg), og det vil i så tilfelle auka denne inntekta til kring 25 millionar kroner i året.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler