Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 
– Den går ikkje, herr Fylkesmann!

– Den går ikkje, herr Fylkesmann!

Del | |

Meland avviser fylkesmann Lars Sponheim si oppheving av budsjett, som er grunngjeve med feil føring av ekstrautbytte frå BKK.

Publisert 24.11.11 09:57
Endret 24.11.11 10:45

«Meland kommune avviser Fylkesmannen i Hordaland sin konklusjon, og meiner den ikkje kan bli ståande».

Det er ordlyden i eit brev datert 21. november og underteikna Rolf Hansen (Ap), Solbjørg Åmdal Sandvik (Sp), Sigmund Larsen (Frp), Marit Jøssang (KrF), Åshild Aamli (Samarbeidslista), varaordførar Lars Barstad (V) og ordførar Nils Martin Aadland (H).

Dermed er det klart at heile formannskapet frontar den protesten som ordføraren har signalisert tidlegare: «Me kjem aldri til å godta dette».

«Dette» er kort og godt Fylkesmannen si oppheving av budsjetta til Meland og 13 andre kommunar for 2010 og 2011. Opphevinga er grunngjeven med ulovleg føring av ekstraordinært utbytte frå BKK.

Utbyttet er brukt som driftsinntekt, medan Kommunaldepartementet sine juristar har fastslått at det er feil. Ekstrautbyttet skal gå til investeringar, noko som har skapt store problem blant anna for Meland.

Som før omtalt har Meland hatt totalt 7,6 millionar i ekstrautbytte frå BKK. Dei er nytta til å medverka til overskot i drifta, som i sin tur er nytta til å dekka oppsamla underskot. Og den oppskrifta er «gjort i tråd med klare føringar frå fylkesmannen».

Meland formannskapet dokumenterer dette med å sitera fylkesmannen sine eigne ord: «Kommunen må nytta desse midlane til inndekning av underskot i år og neste år».
I protestbrevet vert det vist til at Meland har stolt på Fylkesmannen sin kompetanse til å gje råd i økonomiske saker.

«Når Meland kommune mottar skriftlege føringar frå fylkesmannen og etterlever dei, er det urimeleg at kommunen nokre år seinare skal bli «straffa» for å ha følgd dei same føringane», heiter det i brevet.

Der vert det og signalisert at Meland er villig til å ta saka til retten. Formannskapet «har grunn til å tru at Fylkesmannen i Hordaland sine føringar til Meland kommune i brev av 16.12.2009 står seg juridisk».

Brevet vert avslutta med at ein ber om at vedtaket om å underkjenna budsjetta vert oppheva.



 



  


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler