– Denne dagen har me venta på i 30 år
MELAND: Fredag var det klart for snorklypping på Mjåtveit.
Endret 19.11.11 16:46
– Me har bygd 2,2 kilometer bilveg og 2 kilometer gang og sykkelveg, ny rundkjøring, bussløyfe, seks busslommer, lagt ned fiber, høgspentkablar og vassleidningar, reist 55 lysmaster og montert 40 kummer, ramsa Statens vegvesen sine utsendte opp då dei opna markeringa for vegopning i Meland.
– Vegopning utan bompengar
Bilistane som kjører på strekninga mellom Dalstø og Mjåtveit har kjørt på ny asfalt ei god stund no. I går var det tid for offisiell opning av anlegget, som har kosta rundt 30 millionar kronar. Vegen var feira med stil i ausande regnver med snorklypping og korpsmusikk på bensinstasjonen. Både fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, Trond Mohn og representantar frå vegvesenet møtte til markeringa. Nilsen har ikkje vore fylkesordførar meir enn ein knapp månad, men har alt vore med på fleire vegopningar.
– Det er flott å endeleg få vera med på ei vegopning utan bompengar, flira han og fortalde at han sette pris på at snorklyppinga på Mjåtveit var lagt til gangvegen.
– På den måten får ein fram at ein ikkje berre byggjer vegar for bilistane, men også for syklistar og fotgjengarar. Dessutan må eg seia at eg synest det er litt skummelt med alle desse vegopningane midt i tunnellopningane. Eg føler meg ikkje heilt trygg der, fleipa han.
Og fekk svar frå Nils Marton Aadland som ønskte han hjarteleg velkomen tilbake på fleire vegopningar. For nye vegar, det vil folk i Meland gjerne ha.
I talen sin kunne Aadland fortelja at han hadde undersøkt litt om historia rundt vegprosjektet på strekninga Mjåtveit-Dalstø.
Takka Trond Mohn
– Eg har funne ut at det i alle fall er jobba for dette vegprosjektet i 30 år, og på 1990-talet var det nære på at det vart realisert. Men det glapp like før anleggsmaskinene kunne gå i gang, sa Aadland, og retta ei særskild takk til Trond Mohn for at veganlegget no er ein realitet.
Mohn har forskottert mesteparten av dei 30 millionane.
– Eg hugsar godt då eg reiste bort på kontoret til Frank Mohn piping. Eg hadde ein litt uggen følelse då eg la fram ærendet mitt for sjefen der, og spurte om han kunne tenkja seg å spørja Trond Mohn om dette var noko han kunne forskottera. Det gjorde han tydelegvis, for det gjekk ikkje lenge før me fekk tilbakemelding på at det kunne Trond Mohn tenkja seg å gjera. Nyheita vart mottatt med spontan applaus i kommunestyret, og det er ikkje kvardagskost, sa Aadland.
– Veldig kjekt
Det regna surt då snora vart klypt, men nokre få av dei som bur i nærområdet tok seg tid til å stoppa opp og sjå på.
– Me kom forbi og tenkte at dette kunne vera greitt å få med seg. Me har begge budd her på Mjåtveit i 30 år, og det er kjekt å sjå at vegen endeleg er ferdig. Dette har me venta lenge på, seier Inglaug Remme og får støtte frå Kjellaug Røte.
Dei synest at den nye vegen er eit stort framskritt.
– Det var mykje styr med den smale vegen som var her før. No har me fått både brei veg og skikkeleg gangveg. No håpar eg berre at dei får utbetra gangvegane rundt Frekhaug senter og ned til kaien også, så vert dette skikkeleg bra, seier Remme til Strilen.
BENSINSTASJONSMARSJ: Ei gruppe musikantar frå Rossland skulekorps og Meland musikklag sytte for korpsmusikk på opninga. Dei stilte seg opp mellom bensinpumpene og spelte eit par marsjar.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]







