– Denne valkampen må overgå alle andre!
Sterk og rørande valkampopning i Nordhordlandshallen.
Endret 23.08.11 18:34
Laurdag reiste overlevande etter terroraksjonen tilbake til Utøya for å prøva å bearbeida nokre av inntrykka. Samtidig samla lokalpolitikarar seg i Nordhordlandshallen til felles minnemarkering og valkampopning. Det vart ei sterk oppleving.
Mista gode venner
Stina Mongstad i AUF mista gode vener på Utøya og møtte dei frammøtte i idrettshallen med ein tydeleg bodskap.
– Eg vil at kvart enkelt parti skal gjennomføra alt dei har planlagt. Dette må bli ein valkamp der ingen skal vera i tvil om kva dei ulike partia står for. Avisene i Nordhordland skal vera fylt av engasjerte lesarinnlegg. Eg håpar dette kan bli ein valkamp som me aldri tidlegare har sett maken til og eit val med rekordhøg valoppsluttning, sa ho.
Orda vart uttalt med brennande engasjement. Og fleire av tilhøyrarane kjempa mot tårene, då Mongstad fortalde om den enorme omsorga og støtta ho og partiet har opplevd og framleis opplever.
– Må svara med engasjement
Mongstad la ikkje skjul på at tapa og hendingane på Utøya kjem til å prega valkampen og folk i lang, lang tid, men meiner at den beste måten å heidra dei som har gått bort, er å svara med meir engasjement og leggja endå større vekt på demokrati.
Sterkt vart det også då Sveinung Valle (Ap) gjekk på talarstolen. Dottera hans Mette var blant AUF-arane som klarte å flykta frå skytinga. Både Sveinung Valle og dottera kjente fleire av dei drepne og skadde.
– Det er flott at heile Nordhordland kan ha ei slik markering i dag. Det er tøft å stå her no, men det er også stort å oppleva eit slik samhald. Det kjennes veldig feil å prata om politikk når me har mista så mange. For kort tid sidan vart to av ungdommane våre gravlagt på Osterøy, berre nokre få kilometer i den retninga. To er gravlagt på Askøy og ein i Fana. Det er ufatteleg tungt og trist. Samtidig er me ufatteleg glade for at me fekk vår Mette heimatt. Tragedien ramma så tilfeldig og marginane mellom død og liv er så små at det er vanskeleg å fatta, sa Valle og oppsummerte kva han meinte i nokre få setningar.
Små marginar
– Mette jobba på Youngstorget. Då me fekk høyra om terrorangrepet i Oslo, semdte me henne ein SMS om kor glade me var for at ho ikkje var der då det skjedde og at det var godt å vita at ho var på verdast tryggaste og trivelegaste plass, nemleg på Utøya, sa Valle
Han fortalde vidare at familien seinare vart sitjande saman og sjå nokre tv-bilde frå Utøya.
– Plutseleg seier Mette. Eg flykta saman med han der, men så skilde me lag. Eg tok til venstre og han tok til høgre. No er han ikkje meir, sa Valle. Meir enn det trengte han ikkje seia.
Valle understreka også at han sette stor pris på at alle partia i Nordhordland var einige om å utsetja valkampen ei tid.
Eitt minutts stillheit
Vanlegvis varierer det ein del frå kommune til kommune når og korleis valkampen startar. I dei fleste kommunane brukar det ikkje å vera noko spesielt startmarkering, men politikarane som møtte fram i Nordhordlandshallen var alle samde om at dei synest det var riktig å ha ei spesiell markering i år.
Den første delen av samlinga laurdag, hadde form som ein minneseremoni med kvite blomar på scena, musikalske innslag og tale ved ordførar i Lindås Astrid Aarhus Byrknes. Det vart også halde eitt minutts stillheit for å minna offera for tragediane i hovudstaden og på Utøya. Deretter glei arrangementet gradvis over i ei valkampopning.
– Kjentes riktig og godt
Kvart av partia som stiller til val i ein eller fleire av kommunane i distriktet fekk halda eit innlegg. Alle partia stilte med minst ein representant på samlinga og dei fleste fann det naturleg å bruka ein del av taletida si på å utrykkja si medkjensle til dei som er ramma av terrorhandlingane og leggja vekt på kor viktig det er å ikkje la seg knekkja, men snarare kjempa endå hardare for det ein står for og er oppteken av.
– Eg synest det vart ei veldig fin markering. Det føltes verdig og riktig. Oppmøtet seier også sitt om at dette er hendingar som har rysta oss alle. Eg veit ikkje kor mange det var i salen, men tippar det må ha vore rundt 200. Det var meir enn eg forventa på ein laurdag føremiddag, sa Jon Askeland (Sp) i ein kommentar til Strilen.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]







