Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Det bør verta to ungdomsskular

Del | |
LINDÅS: Heilt ny ungdomsskule i Alversund og påbygging på Knarvik ungdomsskule er den beste løysinga, meiner FAU ved Knarvik ungdomsskule. På bildet er Knarvik ungdomsskule slik han ser ut i dag.
Publisert 10.01.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Me er livredde for ein situasjon med over 1000 elevar ved Knarvik vidaregåande skule og kanskje 600-700 ungdomsskuleelevar i same område, seier nestleiar Åge Torsvik i FAU ved Knarvik ungdomsskule.
Han meiner det kan verta situasjonen dersom ungdomsskuleelevar ved Alversund skal flyttast til Knarvik. Han viser til at det no er planar om å byggja 1000 nye bustader i området rundt Juvikstølen, og utbygginga kan gå fort slik interessa er i dag.

 Gigantskule
Sjølv med to ungdomsskular i søre delen av Lindås, vil dette verta to store skular, meiner Torsvik. Men dette er i alle fall mykje betre enn èin gigantisk ungdomsskule i Knarvik.
FAU ved Alversund har sagt at dei synest det er greit at ungdomsskuleelevar frå Alversund vert flytta til Knarvik. Dei vil for all del unngå ein 1 ? 10 skule med etter kvart 600 ? 700 elevar i Alversund.
? Ein ny ungdomsskule i Alversund er nok førstevalet, men me har og sagt at me kan gå for ein felles ungdomsskule i Knarvik, seier leiar for FAU i Alversund, Nina Bognøy.

 ? Ostereidet lite aktuelt
Eitt alternativ som vert drøfta er at elevar frå Leknes skule i framtida skal gå på Ostereidet skule, og ikkje på Knarvik ungdomsskule som i dag. Det ville då letta trykket noko på Knarvik ungdomsskule. FAU ved Knarvik ungdomsskule meiner dette er ein dårleg ide, då dei fleste foreldra har jobben sin den andre vegen, og at Leknes-elevane har sine fritidsaktivitetar i Knarvik, fortel Åge Torsvik. Han meiner det heller ikkje vil hjelpa så veldig mykje, og at ein felles ungdomsskule for Knarvik og Alversund uansett vil verta kjempestor.  Dessutan er det avgrensa kor mange elevar som kan gå på Ostereidet. Flytting av Leknes-elevar kan føre til at ein må byggja ut også på Osteriedet, meiner han.
? Men me har sagt at me skal delta i arbeidet med framtidig skulestruktur med opne sinn. Og det kjem me til å gjera, seier Torsvik.

Synfaring
Utvalet som skal sjå på framtidig skulestruktur i søre delen av Lindås, var i førre veke på synfaring på Alversund skule, Knarvik ungdomsskule, Leknes skule og Ostereidet skule. Nina Bognøy deltok på denne synfaringa. Hennar inntrykk var at to av skulane var prega av dårleg plass og å vera noko nedslitne. Desse skulane var Alversund og Leknes. Det ligg difor i korta at noko må gjerast med Leknes skule også. Utvalet, der FAU ved Knarvik og Alversund har møte og talerett, skal vera klar med sitt forslag til framtidig skulestruktur i søre delen av Lindås seinast 1. april. Lindås kommune har sett av 65 millionar kroner dei neste åra til skulebygg i søre delen av Lindås. Men dette vil nok på langt nær vera nok til å løysa dei utfordingane dei har på dette området.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler