Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Dingjavegen opna

Del | |
GULEN: Dingjavegen mellom Sollibotn og Dingja vart offisielt opna litt før klokka tolv i dag, fredag.
Publisert 11.05.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Ordførar Trude Brosvik, fylkesordførar Nils R. Sandal og leiar i vegnemnda, Leif Nyhammer, fekk i fellesskap æra av å skjera over snora då fylkesvegen mellom Sollibotn og Dingja vart opna i dag. Den 6,3 kilometer lange vegen vil korta ned reisetida mellom Dingja og Eivindvik med minst ein time.
Det hadde samla seg mykje folk til vegopninga, og både Brekke skulekorps og elevar frå Eivindvik skule underheldt.
? Der det er vilje, vert det veg, sa ordførar Trude Brosvik ved vegopninga.
Og vegen er eit skikkeleg spleiselag mellom kommune, fylkeskommune og næringsliv og enkeltpersonar i Gulen.
Fart i vegsaka vart det då Firda Management planla eit stort setjefiskanlegg i Dingja for nokre år sidan. Desse planane vart sidan skrinlagd, men då var vegplanane begynt å rulla.
Totalt har vegen kosta 21 millionar kroner, og Magne Hope AS har vore hovudentreprenør.
?Men me er ikkje ferdige med denne vegsaka før me har fått kabelferje til Hisarøy og, sa Brosvik.
Det pågår no forhandlingar med fylkeskommunen om finansiering av dette sambandet.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler