Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 
Dødsulukke i Hjelmåstunnelen

Dødsulukke i Hjelmåstunnelen

Del | |

Ein person omkom og to vart alvorleg skadde i ei trafikkulukke på Hjelmås tysdag. Politiet mistenkjer at føraren av den eine bilen var rusa.

Publisert 07.02.12 07:46
Endret 08.02.12 15:19

Karsten Stall Osmundsen (36) busett på Ostereidet miste livet i trafikkulukka tysdag, opplyser Nordhordland lensmannsdistrikt.

Osmundsen var åleine i bilen, og skal ha vore på veg i retning Knarvik.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 06.20 tysdag.

– To bilar med i alt tre personar var involvert i ulukka. Ulukka skjedde inne i Hjelmåstunnelen på E39. Bilane kom i kvar sin retning og frontkolliderte, seier lensmann Einar Vatne til Strilen.

Osmundsen sin bil vart treft av bilen som kom i mot.

– Undersøkingar viser at det var bilen med to personar i, som kom over i feil kjørefelt. Det er tatt blodprøve av dei involverte, og det er mistanke om at føraren av bilen som kom over i feil kjørefelt var rusa, opplyser Vatne.

Etter ulukka vart vegen stengt og trafikken dirigert via «gamlevegen».

– Vegen var stengt i to-tre timar medan det vart gjort undersøkingar og rydda på ulukkesstaden, seier Vatne.

Dødsulukka tysdag er den andre ulukka på vel ein månad på denne strekninga. Natt til nyttårsaftan omkom ein person i ei ulukke nokre hundre meter lenger aust, også i den ulukka var det mistanke om at det var rus involvert.

Tysdag kveld var det minnestund på ulukkesplassen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler