Small saman i gymnasbakken

LINDÅS: Ingen vart alvorleg skadde då tre bilar støytte saman i gymnasbrekka i Knarvik laurdag føremiddag.

[17.06.13 16:49]

Stolen båt kom til rette

MELAND/FANA: Ein båt som i løpet av førre veke vart stolen på Io, er funnen att på Krokeide i Fana.

[17.06.13 16:48]

131 i 70-sona

LINDÅS: Ein 31-år gamal sogning lyt rekna med ein stund på brød og vatn etter at han natt til søndag peiste gjennom 70-sona i Bjørsvik i 131 kilometer i timen.

[17.06.13 16:47]
Brukernavn 
Passord 
Duo i godt sig

Duo i godt sig

Del | |

KNARVIK: Nitrobeat & Haawk var fredag ettermiddag i Knarvik Senter for å promotera den siste singellåta «Buff», og elles visa seg fram for folket.

Publisert 16.07.12 16:11
Endret 16.07.12 16:11

Nitrobeat, alias Ivan Takle, fortel at han og kompanjongen Haakon B S Bjørklid, føler at det har begynt å losna litt i seinare tid.

Lokale sponsorar har i større grad oppdaga gutane og elektronikamusikken dei serverer, så dei har fått på plass ein del nytt og betre utstyr.

Berre for nokre dagar sidan fekk dei nye høgtalarar og monitor ved hjelp av pengestøtte frå Lindås kommune og Norsk Musikkråd.

– Det at me får meir lokal støtte gjev oss sjølvsagt ein boost i det me held på med, seier Takle.

I Bergen

Fredag for halvtanna veke sidan var duoen på Festplassen i Bergen og spelte musikken sin.

Då var rundt eit par hundre personar innom.

Kanskje ikkje eit veldig stort tal, men Nitrobeat & Haawk fekk berre eit par dagar på førehand til å reklamera for arrangementet, sidan det tok litt tid å få avtale med Bergen kommune. Dei er uansett fornøgde.

– Eg ser ein del mulegheiter for å få opptre med musikken vår i tida framover.

Det lokale miljøet har oppdaga oss stadig meir, og det er viktig, seier Ivan Takle.

Først var han berre Nitrobeat, men i februar i år vart han ein duo saman med Haawk som er stebror til kjærasten hans.

Haakon må seiast å vera mest frå Askøy, medan Takle bur i Alversund, for dei som ikkje skulle vita.

Godt møte

– At me to kom saman, er noko av det beste som har hendt meg. Han er veldig dyktig, og me har sånn omtrent den same musikksmaken. Han likar litt meir teknisk elektronika, men me utfyller kvarandre godt.

Ivan Takle seier at den siste og andre singelen frå duoen var klar først i juni, medan dei kom med sin aller første i mars.

For oss andre er det berre å låna øyra til kva dei to 19-åringane har å by på.

Dei får mykje skryt, og ambisjonane deira er det ingenting å seia på. Dei håpar på eit internasjonalt gjennombrot.

 

 

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Står fast på å anmelda dobbeltutbetalinga

AUSTRHEIM: Kontrollutvalet står fast på at politiet må etterforska dobbeltutbetalinga til Breidvik Eiendom. Formannskapet får torsdag fire timar på seg til å lesa dokument i saka, blant anna kommuneadvokaten sin endelege rapport, før dei skal møta i eit ekstramøte.

    Ekstramøte om dobeltutbetaling til Breidvik Eiendom

    AUSTRHEIM: Torsdag ligg det an til både ope og lukka behandling av saker som gjeld kommunen og Breidvik Eiendom og dobbeltutbetalinga på vel tre millionar.

      Linjefeil starta skogbrann

      Linjefeil starta skogbrann

      LINDÅS: Gnistar frå ein defekt straumleidning, sette søndag kveld fyr i skogen på Nævdal.

        Kolliderte med lysstolpe

        Kolliderte med lysstolpe

        MELAND: Ein bilførar er teken hand om av helsepersonell etter at han kolliderte med ein lysstolpe på Rv564 mellom Frekhaug og Holmeknappen.

          Statoil kan sikra hundrevis av nye jobbar i Nordhordland

          Statoil vurderer å flytta logistikk- og forsyningsverksemda frå Fjord Base i Florø til basen på Mongstad Sør.Det kan gje eit bortfall av 250 arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. 

            ­­– Vanskeleg uansett kva me gjer

            ­­– Vanskeleg uansett kva me gjer

            Meland kommune vurderer å kutta ordninga med startlån til unge i etableringsfasen, og heller bruka ressursane på sjukeheimen.

              Siste kortnytt