Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Dyr drenering på Fossemyra

Del | |
MELAND: Det vil kosta fleire hundre tusen kroner å sikra ei skikkeleg drenering av vatn frå Fossemyra.
Publisert 08.01.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Idrettsanlegget til Kvernbit idrettslag var dekka av vatn to gonger hausten 2005. I samband med at det kom mykje regn klarte ikkje dreneringsanlegget å ta unna for vatnet som kom frå liene rundt banene. Det hopa seg særleg opp ved underløpet under fylkesvegen, slik at dreneringa stoppa opp inne ved banene.

 

Synfaring

Torsdag denne veka var representantar for kommunen, idrettslaget, Meland Aktiv og fleire grunneigarar på plass for å sjå på kva som kan gjerast for å hindra fleire slike flaumar.

Under synfaringa på Fossemyra vart det mellom anna peika på at dreneringa under vegen og vidare ikkje er tilstrekkeleg slik anlegget er i dag.

Etter kvart som det har vorte mindre og mindre myr på Fossemyra, er det tilsvarande mindre magasin for å samla opp regnvatnet. Tidlegare kunne myra ta opp i seg tusenvis av liter, vatn som så gradvis rann over i bekkar og rør. I dag er det kunstgrasbane, grusbane, idrettshall og parkering på arealet, og vatnet som renn ned frå liene ikring må ha plass i dreneringssystemet.

Kommunalsjef i Meland Jens Bjordal ynskjer ikkje å seia for mykje om kva som må gjerast, då dette ikkje er planlagt enno. Men det som heilt sikkert må gjerast er å leggja eit nytt dreneringsrør frå grusbana på Fossemyra, under vegen og inn på jordet på andre sida.

Inkludert graving har eit slikt dreneringsrør ein meterpris på kring 3000 kroner. Med om lag 50 meter grøft vert prisen på grøfta aleine 150.000 kroner.

Kommunalsjefen presiserer at dette berre er førebelse anslag, då det ikkje er gjort oppmåling eller nærare berekningar.

 

Borehol

Under synfaringar vart det av fleire deltakarar peika på at vatnet ikkje har tilstrekkeleg fall, sjølv om ein får det over vegen og inn på jordet til næraste nabo. Det eksisterande dreneringsrøret som ligg der har ikkje ledig kapasitet. Fleire meinte at einaste løysing er å føra vatnet først i rør under vegen og inn på jordet, og så vidare inn i eitt eller to borehol for å få vatnet inn i Mjåtveitvassdraget.

Vestnorsk Brunnboring kan ta ein slik jobb med å bora hol gjennom den knausen som er i vegen. Dagleg leiar i Vestnorsk Brunnboring A/S Helge Sæterstøl opplyser til Strilen at dersom holet skal ha ei lengde på 130 meter, vil dei kunna bora opp til 360 millimeter i diameter. Prisen for boringa vil vera i storleik 2.500 kroner for meteren. Med denne meterprisen vert det 325.000 kroner for 130 meter.

Sæterstøl presiserer at meterprisen på 2.500 kroner er eit anslag.

Kommunalsjef i Meland Jens Bjordal seier at kommunen tidlegast i neste veke har klart eit forslag om kva som må gjerast for å betra dreneringa av vatnet frå Fossemyra.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler