Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

EBML satsar norsk til EM

Del | |
LINDÅS: Eikanger Bjørsvik Musikklag satsar på norsk dirigent og norsk musikk når dei neste helg representerer Noreg i EM for brassband i Belfast.
Publisert 22.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
EBML har leigd inn dirigent Bjørn Sagstad frå Meland til å leia korpset under EM i Belfast 28. og 29. april. Sagstad, som no er busett i Trondheim, er ein godt etablert dirigent, med oppdrag både i Noreg og i utlandet.

Lokal «pakke»
I tillegg har dei valt radøykomponisten Torstein Aagaard-Nilsen sitt verk «Riffs and Interludes», som sitt sjølvvalde stykke til konkurransen. På den måten er ikkje dette berre ei norsk satsing, men både dirigent og komponist kjem frå Nordhordland.
Nestleiar i EBML, Christian Lura, seier at dette var litt tilfeldig, men at dei er glade for å kunna stilla med ein slik lokal «pakke» til konkurransen.
? Dirigenten kjem gjerne med forslag til kva han ønskjer at korpset skal spela. Og så drøftar me dette, fortel Lura.
I dette tilfellet var det ikkje stor usemje mellom dirigent og korps om val av sjølvvald stykke. Lura meiner at dette er eit spennande val, og at musikken vil skilja seg ut frå mykje av det andre som vert spelt.
«Riffs and Interludes» vert av enkelte rekna som noko av det beste som er skrive for brassband, og var også pliktnummer i NM i 2005.

Målet er å vinna
EBML hadde øvingshelg søndag og måndag. Dei jobba då godt med både sjølvvald stykke og pliktnummeret. Dert siste verket heiter «Seascape with high Cliffs», og er skrive av den nord-irske komponisten Ian Wilson.
? Det har vorte ein tradisjon at arrangørlandet av EM engasjerer ein komponist frå landet til å skriva pliktnummeret, fortel Lura. Målsetjinga til EBML er å vinna EM.
? Me deltek aldri i ein konkurranse utan å ha som mål å vinna, seier Lura. Han meiner at EBML aldri har vore betre, men samstundes meiner han at EM i år vert tøffare enn nokon gong tidlegare. Det er den andre nestleiaren i korpset, Viggo Bjørge, heilt samd i.
? Medrekna oss er det heile seks korps som er gode nok til å vinna. Slik trur eg aldri det har vore før, seier Bjørge.
Han trur at Black Dyke Band må reknast som den store favoritten. Men også engelske YBS Band er svært gode. YBS har vunne åtte av dei ni EM dei har delteke i. Andre gode korps i EM i år er Leyland Band frå England, Cory Band frå Wales og belgiske Brass Band Willebroek.
? Den som skal vinna EM må ha ein god dag, og i tillegg verta føretrekt av dommarane, seier Lura.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler