Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Egon lever godt med katte-aids

Del | |
MELAND: Katten Egon har fått FIV, såkalla katte-aids. Difor held eigaren Wenche Berg Husebø katten inne. Men Egon har likevel eit godt liv, forsikrar eigaren.
Publisert 29.09.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Egon og matmor held til på Rylandshøgda i Meland. Det som vert kalla for katte-aids er eigentleg snakk om FIV, felint immunsviktvirus, som har mange likheitstrekk med HIV hjå menneske. Sjukdomen gjer at katten vert meir utsett for infeksjonar, og har problem med å verta frisk igjen. Ein kan få undersøkt om kattane har dette viruset hjå veterinær. Viruset smittar ikkje menneske eller andre dyr enn kattar.

? Kastrer kattar
Viruset smittar stort sett gjennom at kattar slåst, og det var truleg slik Egon også vart smitta.
? Det er difor veldig viktig at folk kastrerer og steriliserer kattane sine, og tek skikkeleg vare på dei, seier Husebø.
Ho seier dessutan at hokattar som brukar p-pillar vert meir utsette for kreft. Dessutan vert det fødd altfor mykje kattar her i landet, og det er ikkje mange nok gode heimar til alle desse.
Husebø er aktivt medlem i Bergen Dyrebeskyttelse. I tillegg til at ho har Egon, er ho «fostermor» for katten Lykkeliten, som vart omplassert av Bergen Dyrebeskyttelse. Lykkeliten såg me ikkje mykje til då me var innom torsdag. Han vart tidlegare teke hand om av ein person på Askøy, men vart for seg sjølv då ho flytta. Ein mann prøvde å skyta katten, slik at han mista halen, fortel Husebø. Katten er difor svært redd for menneske. I motsetnad til Egon, har Lykkeliten ikkje FIV. Lykkeliten får mat i løa til Husebø, og ho har fått laga eit lite hus til han på eigedomen sin.

Kjælen og tillitsfull
Egon er ein rasekatt av rasen Abissiner, og er svært kjælen og tillitsfull. Husebø seier at viruset ikkje er noko stort problem så lenge ho held katten inne og han ikkje er i kontakt med andre kattar. Han er både frisk og velstelt.
Dyrebeskyttelsen Bergen omplasserer rundt 600 kattar i året, og er ein over hundre år gammal organisasjon, fortel Husebø. Dei melde seg ut av Dyrebeskyttelsen Norge for to år sidan, og då vart også Dyrebeskyttelsen Hordaland etablert. Årsaka til utmeldinga var mellom anna usemje om korleis organisasjonen skulle drivast.

Påvist i Nordhordland
Veterinær Arve Viken ved Mattilsynet for Nordhordland stadfestar at det er påvist FIV på kattar i Nordhordland, men at dette ikkje er noko Mattilsynet arbeider med. Han seier at det er viktig med sterilisering og kastrering av kattar, samt at eigarane tek godt vare på kattane sine.
Symptom på såkalla katte-aids kan vera munnholeinfeksjonar eller andre infeksjonar som stadig kjem igjen, og som er vanskelege å kurera sjølv med antibiotika, fortel veterinæren. Ein katt som er sjuk av katte-aids ser gjerne avmagra ut, er trøytt og har dårleg apetitt.
? Dersom nokon har kattar med FIV er det viktig at dei tek ansvar og syter for at dei ikkje smittar andre kattar, seier Viken, men han vil ikkje utan vidare krevja at kattar med viruset skal avlivast.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler