Ei lite hyggeleg jonsokhelg
I alt tolv personar var involvert i ei rekkje trafikkulukker denne helga. To vart alvorleg skadde.
Publisert 25.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
Den verste ulukka inntraff på Nordhordlandsbrua der to personbilar frontkolliderte søndag ved 17.30-tida.
? Åtte personar er sende med ambulanse til Haukeland Universitetssjukehus, opplyste skadestadsleiar Norvald Bergfjord ved Arna og Åsane lensmannskontor til Strilen på ulukkesstaden ved 19-tida søndag.
Luftambulanse vart tilkalla, men alle dei skadde vart transporterte til sjukehus med ambulansebil, opplyser skadestadsleiaren. Det var tre personar i eine bilen og fem i den andre.
? Me har hatt store styrkar på staden, både frå Bergen brannvesen, ambulansepersonell og politiet, opplyser Bergfjord.
Ein alvorleg skadd
Ved 20-tida melde Helse Bergen at ein 19-åring var alvorleg skada, men tilstanden var stabil. Fem var lettare skada og to jenter på to og sju år var uskadde.
Alarmen hjå politiet gjekk kl. 17.25, og fleire personar var fastklemde og måtte skjerast laus. Dette tok tid, og brua var heilt stengt kring ein time.
Like etter klokka 20.00 gjekk søndag Helse Bergen ut med denne tilstandsrapporten for dei skadde:
? Mann 18 år er alvorleg skada, men stabil.
? Kvinne 21 år, lettare skada og stabil
? Kvinne 21 år, lettare skada og stabil
? Mann 16 år er lettare skada og stabil.
? Mann 45 år er lettare skada og stabil.
? Kvinne 37 år er lettare skada og stabil.
? Jente 4 år er lettare skada og stabil.
? Jente 7 år er uskadd.
? Jente 2 år er uskadd.
18-åringen som er alvorleg skada pådrog seg brotskadar. Ved 09.30-tida måndag melder Haukeland at tilstanden framleis er alvorleg, men stabil. Mannen ligg på intensivavdeling.
Fråtatt førarkortet
? Etter ulukka viser vår logg at at ein mann midt i 40-åra vart fråtatt førarkortet, med bakgrunn i Vegtrafikklova. Våre folk meiner at han årsaka ulukka, seier politiførstebetjent Stig Sletten ved Arna og Åsane politistasjon.
Han seier at det var ein Toyota Corolla og ein Audi A4 som kolliderte. Loggen seier ikkje noko om fart og kven av dei to bilane som kom over i feil kjørebane.
På spørsmål om den eine føraren har duppa av, seier Sletten at det er det for tidleg å uttala seg om.
Lange køar
Etter kort tid danna det seg lange køar, både Rv 57 mot Seim, Rv 565 mot Radøy og naturleg nok E-39. Ved 20-tida strekte køen seg over det meste av Alverflaten og nærma seg Alversund. Også i dei andre retningane vart det kilometerlange køar og ventetid for å koma seg gjennom den største flaskehalsen, rundkøyringa i Knarvik.
Først fram mot kl. 22 tok trafikken gjennom Knarvik mot Bergen til å gli som normalt.
? Eg stod sjølv i kø i halvannan time før rundkøyringa i Knarvik, pluss ein halvtime på Flatøy, seier politiførstebetjent Svein Fammestad, som hadde fri i helga. Han seier at køen på sørsida strekte seg til Vågsbotn på det verste, etter det han noterte seg.
Tre ulukker på Radøy
Den alvorlege ulukkeshelga starta på Radøy alt jonsokafta. Ein mann på vel 50 år skada seg på sykkel under feiringa i Sæbøvågen og vart transportert til Haukeland Universitetssjukehus med ambulanse.
Ved sengeposten der mannen har overnatta, tar ein av skukepleiarane kontakt med han ved 11.50-tida søndag. «Alt gjekk bra», er den beroligande meldinga mannen gjev til sjukepleiaren ved akuttmottaket sin observasjonspost. Mannen pådrog seg etter det Strilen forstår skadar i ansiktet.
Brannvesenet på Radøy rykka søndag formiddag ut til ei trafikkulukke der ein bil kolliderte med ein lyktestolpe ved Tjorehagen. Ein kvinne i 20-åra køyrde bilen, men vart ikkje fysisk skadd.
? Me fekk meldinga om lag kl. 10.30 frå AMK ved Haukeland Universitetssjukehus, opplyser Brannvakten i Bergen.
? Kvinna skal ikkje ha vorte fysisk skadd, men på grunn av sjokktilstand vart ho tatt med til lokal lege, opplyser operasjonsleiar Konrad Grindeland ved Hordaland Politidistrikt til Strilen.
Ved 11.40-tida søndag var folk frå BKK på veg for å sikra straumforsyninga.
Ei ny trafikkulukke inntraff søndag kveld då ein motorsyklist køyrde i sida på ein bil på Morken. Motorsyklisten vart skada og er transportert til Haukeland Universitetssjukehus med luftambulanse.
? Me fekk melding om ulukka kl. 19.59. Meldinga seier at ein bil rygga ut i vegen der det kom ein motorsyklist og køyrde inn i sida på bilen. Førebels kjenner me ikkje til kor sterkt motorsyklisten er skada, opplyser operasjoneleiar Svein Bruarøy ved Hordaland Politidistrikt til Strilen søndag kveld.
Søndag kveld ved 22.30-tida melde Helse Bergen at tilstanden var alvorleg og at mannen skulle opererast. Etter operasjonen vart mannen overført til intensivavdeling. Ved 9-tida måndag melder Informasjonsavdelinga ved sjukehuset at tilstanden framleis var alvorleg, men stabil.
Syklist knekte armen
Søndag ettermiddag var det også ei sykkelulukke i ein tunnel på Hjelmås.
? Ein person har knekt armen. Ingen bilar er involvert, opplyser politibetjent Glenn Vaage ved Lindås og Meland lensmannskontor.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]