Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Eikanger vann km-thriller

Del | |
LINDÅS: Eikanger vann søndag finalen i Kretsmeisterskapet etter ein svært spennande kamp mot Fjell-Kameratene. Vegen til KM-tittelen starta med eit 4-3-tap for Austevoll, i ein kamp der fotballkretsen gjorde om resultatet.
Publisert 25.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Berre fire minuttar av finalekampen på Stemmemyren var spelt, før ballen låg i nettet for første gong. Fjell-Kameratene sette inn 1-0. Knappe tre minuttar seinare bles dommaren av for straffe til det leiande laget. Kveldens første straffe enda med stang ut, og Eikanger var framleis med i kampen. Begge lag hadde fleire målsjansar i løpet av første omgang, men ved pause var Fjell-Kameratene føre 2-0 etter ei ny scoring etter ein halvtimes spel.

Reduseringar
I andre omgang kom Eikanger tilbake. Etter berre fem minuttar reduserte Ørjan Ånensen, og Harald Marthinussen la på til 2-2 eit kvarter før slutt. Dermed var det klart for ekstraomgangar på Stemmemyren. Slitne spelarar på begge lag gav alt den neste halvtimen. I første ekstraomgang la Eikanger på til 2-3 ved Kjell Øyvind Nævdal, og til 2-4 ved Ørjan Andvik. Men Fjell-Kameratene gav ikkje opp, og dei av Eikangerspelarane som hadde tatt sigeren på forskot, måtte bita i det sure eplet då Fjell-Kameratene scora to kjappe på fem minuttar i andre ekstraomgang.

Straffespark
Den spennande og allereie målrike kampen måtte avgjerast med straffespark.
Etter at Richard Toft, Ørjan Ånensen, Stian Stall og Daniel Toft sette inn sine straffespark, og Fjell-Kameratene bomma på to av tre, var det avgjort. Eikanger vart kretsmeistrar i sjettedivisjon.
Laget var nær ved å ikkje koma til KM-finalen, etter at dei tapte semifinalen 4-3 heime mot Austevoll. Men etter kampen vart det klart at Austevoll hadde brukt for mange spelarar som høyrde til 3. divisjonslaget, og fotballkretsen avgjorde at Eikanger likevel skulle stå som vinnar av kampen.

Laget
Dei 11 som starta kampen for Eikanger var: Keeper Kristian Kvammen, forsvararar Christoffer Knutsen, Stian Stall, Bjørn Dyrkolbotn og Bjørn Eide, midtbanespelarar: Ørjan Andvik, Richard Toft, Ruben Hosøy og Harald Marthinussen, Framme spelte Henning Gjelsvik og Ørjan Ånensen.
Innbyttarar: Daniel Toft, Stian Hauge, Kjell Øyvind Nævdal og Robert Andvik.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler