Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Ein million for å riva bompengebuene

Del | |
MELAND: Staren AS i Bergen gav det rimelegaste tilbodet på riving av bombuene på Flatøy. Entreprenøren er open for å gje vekk buene.
Publisert 26.03.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
To selskap leverte tilbod på riving av buene og fjerning av spora etter tida med bompengar på Nordhordlandsbrua.
Staren AS har rekna ut at jobben kan gjerast for 990.522 kroner, medan Mesta AS vil ha 1.949.075 kroner.
? I alt var det sju entreprenørar som ba om tilbodspapir for riving av buene. Men det var berre desse to som leverte tilbod innan fristen denne veka, seier Jan Olav Skogland i Statens Vegvesen.
Han er byggjeleiar for arbeidet på Flatøy. Først i neste veke har Skogland klar tilrådinga om kven som skal få jobben på Flatøy. Men med tanke på prisskilnaden skin det gjennom at det nok er Staren AS som får jobben.
? Me håpar at arbeidet kan starta snarast mogleg, seier Skogland. ? Arbeidet skal vera ferdig til 12. mai klokka 12.00, seier han.
Det er fleire som har meldt si interesse for delar av bompengebuene, mellom anna er buene over vegbanene ynskt som tak over ei skateboardbane. Skogland seier at slik gjenbruk er ei sak mellom entreprenøren og dei som eventuelt vil ha ei bu eller eit tak.
Det er prosjektleiar i Staren AS Terje Nilsen som får ansvaret for gjennomføringa av rivinga, dersom entreprenøren får jobben.
? Det er eg som eventuelt vert anleggsleiar. Dei som ynskjer å overta noko må berre ringja, så vert me heilt sikkert samde, seier Terje Nilsen.
? Gjenbruk er bra, seier han.
Det er uansett Staren AS som må demontera buene og frakta dei til ein samlingsplass, då andre ikkje kan vera inne på anleggsområdet. Telefonnummeret til Staren AS/Terje Nilsen er 56112222/93493128.
Staren AS har erfaring med å riva bompengebuer, det var dei som hadde jobben då autopass tok over for manuell innkrevjing i Bergen. Utfordringa er å få gjort arbeidet utan at trafikken vert hindra.
? Trafikkavviklinga skal nok gå greit. Mykje av arbeidet kan me nok gjera på kvelden når trafikken har roa seg litt, seier Terje Nilsen. Venterommet ved bompengebuene har det alt meldt seg nye eigarar til, slik at denne er det for seint å ynskja seg.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler