Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Eitt Eitt års permisjon med løn for Haug

Del | |
RADØY: Tidlegare rådmann i Radøy, Ingvard Haug (biletet), får eitt års permisjon med løn. Men han kjem ikkje tilbake som rådmann i kommunen. Dette går fram av avtalen mellom Haug og Radøy kommune.
Publisert 31.01.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Det vart like før nyttår kjent at Haug gjekk av som rådmann i Radøy kommune med umiddelbar verknad. Årsaka til dette var i følgje Haug usemje om vidare vegval for kommunen, og manglande handlingsrom og rammeføresegner som han meinte det var trong for i den vidare utviklinga av kommunen.

Frigav avtalen
I går vart avtalen mellom Radøy kommune og Haug frigjeven. I denne går det fram at Haug får permisjon med full løn, årleg tilleggsgodtgjering og pensjonsopptening, og at han beheld mobiltelefon og bærbar pc. Løna i permisjonstida vert justert lik ny rådmann si løn dersom denne er høgare. Avtalen inneber at alle tilhøve av arbeidsmessig og økonomisk karakter opphører. I tillegg er det med eit punkt om at partane ikkje skal omtala kvarandre på ein negativ eller uhensiktsmessig måte verken i det offentlege eller private rom. Avtalen vart underskriven alt 17. november i fjor, og godkjent av kommunestyret på møte 1. desember.

Etterlyst
Strilen har ved fleire høve bede om å få vita om Haug hadde fått sluttpakke og eventuelt storleiken på denne, då dette i så fall er snakk om kostnader for kommunen. Kommunen ville då ikkje svara på dette. Også Bergensavisen bad om avtalen, men fekk same svar som Strilen. Dei klaga då på dette, og formannskapet valde difor å frigje avtalen, opplyser ordførar Olav Steinar Namtvedt. Kommunen hadde undersøkt kva praksis Fylkesmannen har i denne typen saker, og funne at det vanlege er at avtalane vert kravd offentleggjort. Dei valde difor å frigje avtalen før saka gjekk til Fylkesmannen.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler