Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Eivind Reiten til Frekhaug

Del | |
MELAND: Hydro-sjef Eivind Reiten held føredrag om temaet «ei verd i endring» på Nordhordland Folkehøgskule 12 februar.
Publisert 31.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me er utruleg stolte og audmjuke av å få besøk av ein slik person, seier president i Nordhordland Rotaryklubb, Asle Hindenes, som inviterer alle som vil til føredraget.
Som konsernsjef i Hydro, er Reiten ein av dei mest sentrale bedriftsleiarane i landet.

Ein tradisjon
Hindenes seier det vanlegvis er veldig vanskeleg å koma i kontakt med Reiten, men at Nordhordland Rotaryklubb har eit medlem som er søskenbarn med Hydro-sjefen. Det er den vegen dei har gått for å få Reiten til Nordhordland.
Nordhordland Rotaryklubb har gjort det til ein tradisjon å ein gong i året invitera alle til eit stort temamøte, fortel Hindenes. Dei hadde besøk av Ole Danbolt Mjøs frå Nobelkomiteen for to år sidan, og han snakka om fred og forsoning. I fjor var det Ole Paus og biskop Ole D. Hagesæter som var trekkplastera. I år vert det altså ein næringslivstopp som kjem.

Samfunnsengasjement
Hindenes kjenner berre tittelen på føredraget til Reiten; «ei verd i endring», og veit ikkje nøyaktig kva Reiten kjem til å fokusera på. Men sidan det er snakk om ein næringslivstopp, er det ikkje usannsynleg at føredragshaldaren kjem inn på internasjonalisering.
? Kvifor lagar de denne typen arrangement?
? Rotary er ein humanitær organisasjon, og me driv innsamling av pengar til ei rekke hjelpeprosjekt. Men me tek og opp ei rekke samfunnsaktuelle tema til drøfting. Å halda seg oppdatert og visa samfunnsengasjement er ein del av det å vera rotaryanar, seier Hindenes.
Å delta på føredraget med Reiten kostar 100 kroner. Hindenes seier dei ikkje har store utgifter med dette arrangementet, slik at dei håpar arrangementet skal gje eit bra overskot til den lokale klubben sitt engasjement ved ein barneheim i Uganda.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler