Eldsjelpris til Lindåstunet
LINDÅS: Dei frivillige ved Lindåstunet fekk søndag tildelt prisen Årets eldsjel innan kategorien humanitært arbeid.
Publisert 27.03.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
? Dette betyr veldig mykje for oss. Det er ei oppmuntring og stor inspirasjon for oss som driv dette dugnadsarbeidet, seier dagleg leiar ved Lindåstunet, Ove Jan Paulsen.
Dei 100.000 kronene som følgjer med prisen er også til stor nytte for Lindåstunet, som framleis må jobba hardt for å få pengane til å strekka til.
Betre samarbeid
Paulsen ser elles lyst på framtida, og føler no at Lindås kommune i større grad enn tidlegare ønskjer å samarbeida med dei. Til saman er det fire årsverk ved Lindåstunet, men framleis er dei heilt avhengige av dei 30 - 40 personane som gjer ulike former for dugnadsarbeid.
? Det er veldig bra at kommunestyret rett før jul gjorde vedtak om at dei vil styrkja samarbeidet med oss, seier Paulsen.
Avlasting
Dei har 12 heildøgnplassar ved institusjonen i den staselege bygningen på Lindås. I tillegg er det mellom 25 og 30 eldre som får eit dagtilbod der kvar veke. Avlastingsplassar er og veldig populært. Det gjer at omsorgspersonar kan få avlasting, slik at dei til dømes får teke ferie.
? Det gjer at eldre kan bu heime lenger enn dei elles hadde kunna, seier Paulsen, som meiner dette er eit viktig supplement til den kommunale pleie- og omsorgstenesta.
Dei har lenge hatt fullt belegg på institusjonen, men akkurat no har dei to ledige plassar.
Dersom folk er interesserte i eit tilbod, må dei berre ta kontakt, seier Paulsen.
Henta med buss
Dei eldre som har eit dagtilbod, kan verta henta ulike stader i Lindås med ein av dei to minibussane. På Lindåstunet får dei mat og to økter med trim - sjølvsagt i tillegg til det sosiale.
? Det er veldig kjekt at arbeidet som vert lagt ned her vert sett pris på, seier Paulsen om tildelinga av eldsjelprisen.
Prisen vert tildelt enkeltpersonar eller lag og organisasjonar som verkleg brenn for noko, og som yter ein frivillig og ueigennyttig innsats ut over det normale - til beste for samfunnet. Det er G.C. Rieber Fonda, Kavlifodet og Sparebanken Vest som står bak prisen, i samarbeid med Bergens Tidende.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]