Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Emil André nøgd med finaleplass

Del | |
RADØY: Emil Andre Erstad (14) er eit av dei store lyspunkta i norsk mellomdistanseløping for junior denne sommaren. I helga sprang han seg til finaleplass på 800 meter under junior-NM.
Publisert 21.07.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Erstad hevda seg dermed godt mellom mykje eldre konkurrentar, 14-åringen frå Radøy konkurrerte i klassen junior nitten. Erstad kan springa fire år til i same klasse, og held han fram med den gode utviklinga kan det koma betre plasseringar i dei komande NM-konkurransane.
Før helga sa Erstad at han ville gje alt for ein plass i finalen, og det gjekk akkurat.
? 250 meter før mål i forsøket såg det håplaust ut. Då hadde eg gitt opp håpet om å nå finalen. Eg klarte på ein meisterleg måte å ta ut alt i innspurten, og eg veit ikkje heilt kor mange løparar eg passerte den siste halve runden, sa Emil etter 1.59,04 i forsøket laurdag.
I finalen søndag gjekk det to hundredel raskare.

UM er viktigast
Erstad gjorde sensasjonelt sterke 1,57,86 då han vann Värdsungdomspelen i Gøteborg for knappe to veker sida. Dette er klar norsk årsbeste for 15-åringar.
? I helga sprang eg mot utøvarar til og med 19 år. Så mitt store mål var å koma til finalen. Noko meir hadde eg ikkje ambisjonar om, seier han.
Det er fleire gode løparar i Emil si klasse. AKS-guten har så langt stort sett vore den beste. I UM (NM for yngre) spring han berre mot jamaldrande.
? Det er sesongens viktigaste konkurranse for meg, understrekar han ein knapp månad før meisterskapen i Byrkjelo.
Erstad slo gjennom då han vann dei regionale ungdomsleikane i Haugesund i fjor haust.
? I fjor hadde eg 2.05 som personleg rekord, og kanskje kan det og vera sjansar for å springa tida mi ytterlegare litt meir ned,  avsluttar han.

Pers i motvind
Heidi Ann Bruknapp (15) var svært nær å gå til semifinalen både på 100 og 200 meter.
? Det blåste motvind begge dagar, beklaga AKS-jenta. Ho sprang 100 meter på 13,18 (pers 12,77), og 200 meter på 26,88 (pers 26,54).
? Eg var svært nær å koma til semifinale begge dagar. Det blåste 3,5 sekund meter mot på 100 meter, så tida var eigentleg omtrent på pers om eg hadde hatt same vinden i ryggen, seier ho etter sitt første junior-NM.
På 100 meter var det berre målfoto som skilte Heidi Ann frå å gå vidare.
? Hadde eg komme til ein semifinale ville det vore veldig bra, seier krinsens beste sprintar i denne årsklassa.
Bruknapp og dei andre i 15-årklassen som hadde klart å kvalifisera seg til junior-NM fekk kvar si klokke som inspirasjonsgåve.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler