Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 
Endeleg dekning

Endeleg dekning

Del | |

Siste veka har mobiltelefonane gløda i delar av Gulen og Masfjorden.

Publisert 13.07.12 15:23
Endret 13.07.12 15:22

At om lag 65 husstandar i Masfjorden og 35 i Gulen endeleg har fått mobildekning, kan ikkje forbigåast i stilla. Difor sleit eit titalst involverte personar, med den langbeinte Masfjord-ordføraren i spissen, seg til topps på Nuten torsdag for å ta den nye hovudmobilbasestasjon i nærare augesyn. Basestasjon ligg 35 minuttars gange og ein halv liter sveitte frå avkjørsla til Birkeland, og dekkjer bygdene Kvamsdal, Byrkjeland, Yndesdal og Verkeland. Stasjonen vart kopla til sist fredag, same dagen som Telenor tok ferie.

For ungdommen
Det var Arne Wergeland frå Yndesdal som for to år sidan sette det heile i gang.

– Eg kunne fint klart meg utan mobildekning, men eg fekk stadig høyra om ungdomar som kunne tenkt å busetja seg i bygda, men som vegra seg fordi der ikkje var mobildekning. Dette kunne eg ikkje berre sitja å sjå på, seier han.

Først tok han kontakt med Firda og fekk sett lys på problemet. Deretter tok han og Håkon Birkeland kontakt med kvar sine ordførarar i Masfjorden og Gulen.
 
Spleiselag
Dei tende på ideen og melde behovet vidare for Telenor, som etter ein del press frå dei to, gav etter og gjekk med på eit spleiselag.

– Det er klart at dersom me har ambisjonar om å få folk til å busetja seg i kommunane våre, så må me leggja til rette for det sjølv om det kostar ein del, seier Oppedal og Totland.

No er kostnadane fordelte slik at Masfjorden og Gulen dekkjer den millionen hytta, straumtilførsla og masta kjem på, høvesvis 60/40. Resten, altså radiolinja, antenna, oppvarminga, kjølinga og koplinga til halvtanna million kroner, tek Telenor.

Krev økonomi i det
– Det er slik ein må gjera det på slike stader, for me byggjer ikkje ut åleine der det er så få husstandar at det ikkje er økonomi i det, seier kommunikasjonsdirektør i Telenor, Torild Lid Uribarri. Ho var på hytteferie på Lid ved Brandangersundet i Gulen og nytta difor sjansen til å vera med på markeringa.

– Korleis er dekninga på Lid då?

– Hehe, den kunne gjerne vore betre, så eg må ta ein alvorsprat med kollegaene mine, ler ho.
 
Verkeland må venta litt
I tillegg til alle dei fastbuande som no har fått dekning, har stasjonen også gleda mange hyttefolk. Og så har sjølvsagt dei som berre hadde litt dekning før, fått mykje betre dekning, unntatt dei på Verkeland. Dei må venta litt til, for der lyt det opp ein eigen basestasjon for at dei skal få signal. Denne skal monterast ved fjernsynsomformaren i haus.
 
Manglar berre litt
Elles i Masfjorden manglar det framleis dekning i Indre Haugsdal. Det er heller ikkje god nok dekning mellom Nord-Kvingo og Elvik, fortel ordføraren. Men dette skal det vera sett av pengar til, så det kjem, trøystar han.

I Gulen er det rimeleg god dekning dei fleste stader no, men der er enkelte område der det kunne vore betre, som til dømes i Brandangersundområdet, fortel rådmann Martin Kulild.

Han presiserer at kommunen er mest opptekne av å ha dekning der folk bur, og det meiner han dei har bra kontroll på no.

– Men er det innbyggjarar som ikkje er nøgde med dekninga der dei bur, må dei ta kontakt med oss, oppmodar han.
 
Ting tar tid
Hovudbasestasjonen på Nuten skulle eigentleg vera ferdig i fjor. Men det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Den teknologien dei har fått no, skal nemleg vera endå betre enn den som var planen, sjølv om han vart litt dyrare.

– Ja, dette er 2. generasjonstelefoni (2G) og planane er å vera klar for 3G innan 2013/2014, seier Lid Uribarri og sender tekstmeldingar på harde livet medan ho har sjansen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tok årets første bad

Tok årets første bad

MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

    Tog og is uansett ver og vind

    Tog og is uansett ver og vind

    Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.

      Til NM med tidenes verste fødsel

      Til NM med tidenes verste fødsel

      Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.

        - Elvemuslingen er ikkje daud!

        - Elvemuslingen er ikkje daud!

        MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.

          Skodvin får ikkje meir tid

          Skodvin får ikkje meir tid

          LINDÅS: Rådmannen seier nei til å utsetja nedlegginga av Skodvin skule.

            Slo full alarm etter «valdsam røykutvikling»

            Slo full alarm etter «valdsam røykutvikling»

            RADØY: Ein mann fekk ein lettare kuttskade i armen, i samband med at det utvikla seg røyk i maskinrommet til ein båt til kai ved Radøygruppen onsdag i 14.30-tida.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler