Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 
Endeleg kjem undergangen

Endeleg kjem undergangen

Del | |

KONGLEVOLL: Heilt sidan Bjørghild Ones Spjell (32) gjekk på barneskulen, har bygda kjempa for undergang på Konglevoll.

Publisert 11.08.11 12:19
Endret 11.08.11 12:18

– Me har faktisk kjempa gjennom ein heil generasjon, seier trebarnsmora som no har to born i skulealder sjølv.

Hugsar protestane
Ho hugsar godt då heile bygda på byrjinga av 90-talet gjekk i protesttog over riksvegen. Mellom trailerar og vogntog på veg til og frå Mongstad gjekk dei fram og tilbake over vegen for å visa politikarane kor farleg vegen var. Men det einaste som har skjedd sidan den gongen, er at farten vart sett ned til 60 kilometer i timen for eit par år sidan.

Gangfelt eller trafikklys har vore framandord.

– Det er ikkje rart at bygda alltid har hatt eit heilt spesielt forhold til 17. mai.

Då får me nemleg lov å stengja vegen mellom butikken og Bruvoll og gå midt i vegen utan å vera redde, ler Bjørghild.

Sjølv har ho aldri fått lov å gå over vegen her. Det har ikkje ungane hennar heller før no.

– Ingvild får lov sidan det er 60-sone og ho er blitt ti år og er flink å sjå seg godt føre, seier mora.

Må over til butikken
Familien bur i Hundvinsfeltet, og kunne fått ein avslappande og fin spasertur til butikken om det ikkje var for at dei lyt over riksvegen for å koma dit.

– Då ungane var mindre, hadde eg ein i vogna, ein i neven og ein slengt over vogna medan eg sprang over vegen. Var alltid livredd for at ein av dei skulle slita seg laus frå meg. Du veit jo korleis ungar er, seier ho.

Livsfarleg skuleveg
For dei som ikkje har rett på skuleskyss, som Bjørghild sine born, er dette også ein del av skulevegen. Difor bygde bygda gang- og sykkelveg på dugnad mellom butikken og skulen i håp om at kommunen kanskje då såg kor desperate bygdefolket var etter ei trygg løysing. Men heller ikkje det fekk kommunen til å prioritera saka.

– Folk har jo sprunge over vegen her med livet som innsats sidan midten på syttitalet. At det ikkje har gått liv, er berre flaks, for det er ikkje få bilar som har fått seg ein trøkk her, seier ho.

Som resten av bygda er Bjørghild sjølvsagt kjempeglad for at det kjem undergang, men ho kan ikkje fri seg frå ironien i at undergangen kjem først når den kommunale skulen skal leggjast ned. Til no har bygda vore delt av vegen.

– No vert ho delt av privat­skulen fordi foreldra langs Maråsvegen av mangel på gang- og sykkelveg vel å senda ungane sine til Lindås. Me må ikkje gløyma dei fordi om me no får det bra her på Konglevoll, seier trebarnsmora.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler