Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Er uroa for ålen

Del | |
LINDÅS: Ole Magnus Leknes (66) frå Leiknes har vore ålefiskar i ein mannsalder. Men no er han uroa for framtida for ålen. Og havforskarane er det same.
Publisert 02.03.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det yngelfisket som vert drive på ål i Den engelske kanalen og rundt Spania og Irland, er ein uting som eg mislikar sterkt, seier Ole Magnus Leknes til Strilen.
Yngelen, eller glasålen, går til åleoppdrett både i Europa og Kina fordi ein ikkje har klart å få ålen til å gyta i fangenskap.
Når glasålen vert fiska opp ute i havet, er det mindre ål til å gå opp i elvane både her til lands og elles i Europa. I neste omgang vert det mindre ål som vandrar ut frå elvane for å gyta i Saragasso-havet i Atlanteren, og dermed mindre ål å fiska på i fjordane og.

Kritisk truga
Og Leknes er ikkje åleine om å uroa seg for ålen. På ei såkalla Raudliste som ein ekspertkomite nyleg har utarbeidd, får ålen karakteristikken «kritisk truga», som kan innebera at han er utrydda om 10 år.
Ole Magnus Leknes har drive med ålefiske sidan han var 15 år, og han tykkjer alt han merkar nedgang, sjølv om han tvilar på så drastisk nedgang som komiteen har kome fram til.
? Frå Eikangervassdraget, som er eit vassdrag med mykje ål, har eg merka stor nedgang dei siste tre åra. Og no får me nesten berre stor ål. Det skulle tyda på at det er mindre av han, seier Leknes.
Han brukar ruser for å fanga ålen, som vert eksportert levande til Danmark og Sverige.

Forbod
? Eg håpar det vert forbod mot tråling etter glasål innan EU, men det er mykje pengar i dette fisket. Dei får 10.000 kroner kiloen for glasålen når dei sel han til oppdrettarane. Dei som driv dette fiske, er kapitalsterke og har dyktige lobbyistar i Brussel, seier Leknes.
Men viss ikkje forbodet snart kjem, er han alvorleg redd for kva som kan skje med ålebestanden i Atlanterhavet, og dermed også i fjordane her. Men ålen brukar 20 år på å verta gytemoden, så det kan ta ei stund før det store utslaget kjem.

God inntekt
For Ole Magnus Leknes og ein del andre har ålefisket gjeve gode inntekter opp gjennom åra.
? Før fanga eg 4-5 tonn i året, men i fjor berre om lag det halve, fortel han.
Men nedgangen skuldast og at han har trappa ned fisket.
No oppnår ein rundt 42 kroner kiloen for fisken, men prisen har vore høgare før.
Ålefisket pågår på sommaren og utover hausten når ålen vandrar or elvane. I tillegg til Eikangervassdraget er Loneelva på Osterøy og Arnaelva i Indre Arna gode åleelvar, fortel han.
Sjølv om han sjølv er i ferd med å pensjonera seg, er det ein del yngre fiskarar som har satsa på ålefisket. Han tykkjer difor det ville vera riktig ille viss me steller oss slik at ålen skulle forsvinna eller bestanden verta kraftig redusert.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler