Erstad vann i Gøteborg
Emil Andre Erstad persa nok ein gong og vann Värdsungdomsspelen i Gøteborg på 800 meter laurdag. I det internasjonale stemnet kom tre nordmenn først i mål, men Erstad vann spurten.
Publisert 10.07.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
Erstad har hatt ei formidabel utvikling denne sesongen og har forbetra persen sin frå 2.05 i fjor til 1.57.86 på stemnet på Nya Ullevi Stadion på laurdag. Det var god deltaking på stemnet, med fem-seks heat med ni deltakarar i kvart.
Erstad meiner at denne 800 meteren var nærmast perfekt for hans del. Han var svært nøgd med forholda, og hadde heller ingen problem med varmen, rundt 35 grader. Men han meiner sjølv at han har meir inne, og håpar han skal klara å koma ned på rundt 1.57.2 før sesongen er over. Han har trent godt i det siste, sju økter i veka. Neste store stemne vert junior-NM på Fana stadion i slutten av juli. Med gode forhold vil han der få ein sjanse til å forbetra persen sin enno ein gong.
Det var tre nordmenn først over målstreken i dette stemnet. Erstad slo Henrik Ingebrigtsen frå Sandnes i spurten. På tredje plass kom Henrik Gatemann, men han vart diska for å ha stige på streken i starten. Det er altså heile tre norske 15-åringar som hevdar seg godt på denne distansen. Erstad fortel at idrettsforbundet har sagt at det aldri før har vore eit så godt 15-årskull på 800 meter.
? Dette betyr at me får god konkurranse også på norske stemne, seier Erstad.
Sigeren i helga betyr mykje for motivasjonen til den svært lovande løparen, men Erstad reknar ikkje med at treningsdosane vert auka enno meir med det første. Det er det i så fall trenaren, Ola Jøsendal, som bestemmer.
Erstad sprang og 2000 meter på søndag. Her kom han på 5. plass med tida 5.57. Han er nøgd med tida, men ikkje med løpet.
? Dette var eit litt rotete løp. Dei første 200 metrane vart det nesten jogging. Deretter var det nokre som rykte frå feltet, men eg vart ikkje med fordi eg trudde eg ikkje klarte å følgja dei, seier Erstad.
Men han meiner han hadde litt for mykje krefter igjen på slutten av løpet, og kunne dermed fått ei endå betre tid. Men dette var første gongen han konkurrerte på denne distansen, og dermed kan det verta gode resultat også på 2.000 meter i framtida.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]