Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 
Etterlatne i Knarvik seint på kveld

Etterlatne i Knarvik seint på kveld

Del | |

Ein flokk fortvila Gulen-tenåringar kom seint heim natt til torsdag, med drosjar frå Knarvik via E39 til ulike delar av kommunen. Nobina svikta.

Publisert 21.07.12 18:53
Endret 21.07.12 18:53

 Nobina-sjåførane ville ikkje prioritera oss som hadde lang veg heim. Dermed nådde me ikkje bussen vidare til Leirvåg og ferja der, opplyser Marcus E. Jørgensen (16) og Kjell Alexander Melheim (15).
Strilen fann dei to og åtte andre ungdommar i alderen 14 til 25 på Skysstasjonen i Knarvik onsdag like før midnatt.
Ein knapp time før tipsa ei fortvila mor, Marianne Jørgensen frå Mjømna, om at Gulen-flokken var etterlatne av Nobina, inkludert hennar son og dotter.

Skar seg
Gjengen hadde vore på konserten som VG arrangerte for si toppliste i Bergen. Til Bergen drog nokre med buss via Leirvåg, andre med båt. Planen var å følgja rutebuss heimatt til Leirvåg og ta ferja der 23.10 om kvelden.
Det skar seg fullstendig avdi bussane frå Bergen ikkje nådde korrespondansen i Knarvik.
– Og ferja i Leirvåg kunne ikkje venta. No står dei i Knarvik og veit ikkje om dei får drosje heimatt eller om dei må overnatta på hotell. Skal me i Gulen køyra heile vegen rundt for å henta, tek det halvannan time kvar veg, uttalte ei fortørna Marianne Jørgensen til Strilen onsdag kveld.

Heime litt før tre
Kurt Risch var ein av drosjesjåførane som sikra at ungdommane kom seg vel heim til Gulen. Ein av dei kunne etter det Strilen for­står overnatta hjå far sin nær Knarvik.
– Betalinga får verta ein diskusjon etterpå. Me er rekvirert av styreleiaren i Nordhordland Taxi til å køyra dei til Gulen, opplyste Risch til Strilen kring midnatt.
I Gulen møtte Marianne Jørgensen eine drosjen i Eidsbotn, og fekk med sine to born heim til Mjømna like før klokka tre.
– Me var vel blant dei seinaste heime, trur Jørgensen Ho legg ikkje skjul på at ho var bekymra då ho fekk melding om at tenåringane hadde stranda i Knarvik.

Skyss beklagar

«Skyss beklagar den svært uheldige situasjonen og dei problema dette medførte. Drifts­avdelinga vil sjekka med våre operatørar kvifor dette skjedde», går det fram i ein e-post Marianne Jørgensen fekk torsdag morgon.
Like før midnatt melde ho frå via Skyss si heimeside om tenåringane Nobina hadde sett att i Knarvik, etter at bussen frå Bergen 21.30 var forseinka.
«No prøver eg å ordna dei skyss heim, noko de er ansvarlege for å dekka…. Dette vil også koma ut i media. Det går ikkje an å setja 10-12 ungdommar av utan at dei kan komma seg heim», skreiv Marianne Jørgensen blant anna.
Då ungdommane løyste billett til Leirvåg sa dei at ferja gjekk 23.10. Tilbakemeldinga frå Nobina-sjåføren var at det ikkje skulle vera noko problem, i følgje Jørgensen.
– Nobina-sjåføren i Knarvik burde har ordna med skyss vidare. Men det var det eg som måtte gjera, via Nordhordland Taxi, seier Marianne Jørgensen.




Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Lathi på Everest for andre gong

Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

    Tok årets første bad

    Tok årets første bad

    MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

      Tog og is uansett ver og vind

      Tog og is uansett ver og vind

      Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.

        Til NM med tidenes verste fødsel

        Til NM med tidenes verste fødsel

        Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.

          - Elvemuslingen er ikkje daud!

          - Elvemuslingen er ikkje daud!

          MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.

            Skodvin får ikkje meir tid

            Skodvin får ikkje meir tid

            LINDÅS: Rådmannen seier nei til å utsetja nedlegginga av Skodvin skule.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler