Small saman i gymnasbakken

LINDÅS: Ingen vart alvorleg skadde då tre bilar støytte saman i gymnasbrekka i Knarvik laurdag føremiddag.

[17.06.13 16:49]

Stolen båt kom til rette

MELAND/FANA: Ein båt som i løpet av førre veke vart stolen på Io, er funnen att på Krokeide i Fana.

[17.06.13 16:48]

131 i 70-sona

LINDÅS: Ein 31-år gamal sogning lyt rekna med ein stund på brød og vatn etter at han natt til søndag peiste gjennom 70-sona i Bjørsvik i 131 kilometer i timen.

[17.06.13 16:47]
Brukernavn 
Passord 
Etterlatne kaninar skaper trafikkfare

Etterlatne kaninar skaper trafikkfare

Del | |

MELAND: I Bjørn­dalen beitar ein kaninfamilie langs vegen. Utan ny eigar må dei avlivast. Dei skaper og trafikkfare.

Publisert 21.07.12 18:59
Endret 22.07.12 14:22

Ein bebuar i området tipsa denne veka Strilen og Mattilsynet om at åtte kaninar går lause langs Bjørndalsvegen. Då Strilen reiste ut for å sjå etter dei på onsdag, fann me sju kaninar med ein gong. Dei var uredde og såg ut til å nyta fridomen mellom blomstrar og markjordbær.
– Me er kjent med saka og vil prøve å finne løysingar slik at ikkje kaninane kjem i fare for å lida. Med rikeleg tilgang på grøne vekstar lir dei inga naud nett no, så me reknar ikkje dette som ein akutt sak, seier Arve Viken, veterinær og seniorinspektør i Mattilsynet.

Håpar eigar melder seg
Mattilsynet har ikkje plass til å oppbevara dyr, så når dei fangar inn kaninane, må dei finna eigaren eller nye eigarar til dyra.
– Me er i dialog med naboane og vil forsøkja å fanga og omplassera dyra, dersom det let seg gjera. Kaninar kan godt overleva i sommarhalvåret, men om vinteren vert det lite mat og då kan dei lida. Me skal ikkje ha forvilla kaninar i Noreg, seier Viken.
Verken naboen eller Viken veit korleis kaninane hamna på sommarbeite i Bjørndalen. Ingen eigar har vore å sjå.

Kan vera «feriedumpa»
– Det er ikkje lov å etterlate dyr hjelpelause i naturen, men så lenge eigar er ukjent er det vanskeleg å stilla nokon til ansvar. No veit me ikkje kva som har skjedd her, men om det er slik at nokon har kjørt dyra ut her som ein lett måte å kvitta seg med dei på, så ser me alvorleg på det, seier Viken.
Han har enno eit håp om at dyra kan ha komme bort på andre måtar, og at eigaren vil melda seg. Om dette ikkje skjer, treng kaninane nye heimar.
– Då er det veldig fint om nokon vil ha dei. Dersom ingen vil ta seg av dei, vert avliving løysinga, for me vil ikkje at kaninane skal svelta i vinter, seier Viken.

I autovernet

Alice Bjørndal vrei bilen inn i autovernet, for ikkje å kjøra over kaninane. Det kjem til å koste ho fleire tusen kroner.

– Eg er så lei av å sjå at folk ikkje tek ansvar for dyra sine. Det er ikkje første gongen nokon har dumpa dyr her rundt ferietider, og me som bur her kan ikkje akseptera det, sa Alice Bjørndal til Strilen tysdag.

Les heile saka i Strilen si papiravis laurdag.

Alice Bjørndal må ut med okre tusenlappar for å retta opp skraper på bilen. Mest sint er ho for folk som ikkje tek ansvar for dyra sine. Alice Bjørndal må ut med okre tusenlappar for å retta opp skraper på bilen. Mest sint er ho for folk som ikkje tek ansvar for dyra sine.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




– Eit sikringsnett og eit orakel

– Eit sikringsnett og eit orakel

Godorda ville inga ende ta då politikarane hylla og takka Leif Taule som har rydda kontoret etter 39 år i Radøy kommune.

    På nett med skrekkfilm

    På nett med skrekkfilm

    AUSTRHEIM: Austrheim-elevar avslutta skuleåret med skrekkfilm-produksjon.

      Trenarskifte i Radøy/Manger

      Det er slutt for trenarduoen Knut Bjarne Fotland/Geir Karstensen i Radøy/Manger.

        Fjerde divisjon neste?

        Radøy/Manger slit i botnen av tabellen i 3. divisjon, og kampen mot Tornado Måløy viste at dei ikkje er så veldig langt frå 4. divisjonsfotball neste sesong.

          Solsteikte sprekingar

          Solsteikte sprekingar

          AUSTRHEIM: Nær 200 store og små deltok på Austrheimløpet i strålande sol i og rundt Austrheim idrettspark søndag.

            Freistar unge med levande historie

            Freistar unge med levande historie

            GULEN: – Me gler oss til det vert vår tur å overnatta på Ingeberskjeret, seier Leni Askvik Hosøy (snart 12), Elisa (11) og Andrea. I snart 20 år har skuleelevar på Byrknes fått prøva seg som fiskarbønder over fleire dagar.

              Siste kortnytt