Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Evakuert frå Beirut

Del | |
AUSTRHEIM/BEIRUT: Kenneth Skoge (27) er ungdomsdelegat for Raude Kors i Beirut. No er han evakuert frå Libanon grunna auka spenningsnivå.
Publisert 16.02.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Førre torsdag kunne Røde Kors melda at dei har vald å trekkja ut to delegatar frå Libanon. Ein av dei er Kenneth Skoge frå Austrheim. Han reiste til Beirut som ungdomsdelegat for Røde Kors i september, og planen var å vera i Libanon i ni månader. No er han evakuert på ubestemt tid grunna høgt spenningsnivå .

Skoge kjem frå Austrheim, har mastergrad i informasjonsteknologi, og er handplukka til arbeidet som ungdomsdelegat i Libanon. Kvart år sender Røde Kors seks personar mellom 21 og 28 år på ni månaders opphald i utlandet med arbeid som ungdomsdelegatar. Det er dei to delegatane frå Beirut som no er evakuerte.

 

Auka spenning

? Uttrekkinga hende i samband med at det var store demonstrasjonar i området. Ut frå det spenningsnivået som var, fann me det riktig å trekkje dei ut, seier kommunikasjonssjef i Røde Kors, Bernt G. Apeland til Strilen. Kommunikasjonssjefen vil ikkje seia nok om under kva omstende dei to delegatane vart trekte ut.

? Me vil at våre delegat skal halda ein lav profil no, og kan ikkje seia noko anna enn at dei er midlertidig trekt ut av Libanon, seier Apeland.

Utanriksdepartementet (UD) har tidlegare oppfordra alle nordmenn i Beirut om å halda seg innandørs, men har førebels ikkje sett det nødvendig å evakuera nordmenn frå Libanon. Fleire demonstrasjonar har vore med på å auka spenningsnivået i Libanon, mellom anna samla tusenvis av demonstrantar seg ved det danske generalkonsulatet i Beirut førre laurdag. Uttrekkinga av dei to Røde Kors-delegatane fann stad etter opptøya i Damaskus i Syria, der både den danske og den norske ambassaden vart sett i brann.

 

Ikkje direkte truga

Apeland karakteriserer Skoge sitt arbeide i området som organisasjonsutvikling, og seier at så lenge arbeidet ikkje er livsnødvendig arbeid, er terskelen låg for å trekkja ut folk.

? At våre ungdomsdelegatar i Libanon er trekt ut, er rett og slett ein generell sikkerheitsforanstaltning. Spenningsnivået i området har auka, seier Apeland.

Det har ikkje vore noko direkte truslar mot Røde Kors-utsendingar.

Røde Kors vurderer fortløpande om det er forsvarleg å senda Skoge tilbake til Beirut. Det er ikkje gjeve offisielt reiseråd mot å reisa til Libanon, men UD fråråder nordmenn frå å reisa til nabolandet Syria, og ber nordmenn som bur der om å reisa frå landet.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler