Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 
Evas private spa

Evas private spa

Del | |

LINDÅS: – Eg har ikkje skulka ein einaste dag i fire år. Tru det eller ei. (Foto: Edit Jørgenvik)

Publisert 18.02.12 12:26
Endret 18.02.12 17:34

Det seier Eva Abelsen, i det ho mister fotfestet og ramlar så lang ho er i den glatte brekka mellom huset og sjøen.

Den 45 år gamle firebarnsmora ler så ho ristar og samlar morgonkåpa rundt seg medan ho stablar seg føtene att.

– Det er ikkje første gongen!

I fire år har Eva brukt sjøen som rekreasjon anten det regnar, blæs eller stormar.

Og jo kaldare det er, dess betre.

Badestampen på terrassen får andre kosa seg i. Der er det altfor varmt, synest ho.

For å avreagera

Ideen om å starta med heilårsbading fekk ho då søstera fortalte om nokre spreke, vaksne damer frå Stord, som dreiv med det.

Men Eva kom ikkje i gang før eit stykke uti ein omsorgspermisjon ho tok i 2007.

– Eg følte etter kvart at all fridom var teken frå meg.

Eg trong rett og slett litt tid for meg sjølv til å avreagera.

Sidan sjøen alltid har hatt ei utruleg tiltrekningskraft på meg, var valet enkelt, seier ho.

Vått nabotreff

Har ho ikkje følgje av katten Baldrian, hender det den brune lodne otervenen kjem stupande utifrå naustet og kik på henne.

Andre gonger sirklar tre ørnar over henne og lurer på kva ho driv med. I dag får ho selskap av to padlande naboar.

– Hei, kor kaldt er det? ropar Bodil Vabø frå eine kajakken.

Eva stig ned i steintrappa og dreg opp eit termometer med ei gul badeand i enden.

– Fire pluss, ropar ho tilbake.

I den andre kajakken sit Randi Sletten Flæsland, ein ny nabo Eva ikkje har helst på enno.

– Eg kjem ut til deg, seier Eva og plumpar uti som om det skulle vore midt på sommaren.

Ikkje ei mine er å sjå i fjeset hennar anna enn eit breitt smil.

Snakka kan ho òg, utan å hakka tenner. Me andre har nok med å halda varmen i ull og vindtette klede.

– Hei, eg er Eva, seier ho og rekkjer ei iskald hand over ripa på kajakken til Randi.

– Randi her, ler Randi og ristar på hovudet over måten å møta naboen på.

Må berre prøvast

Etter litt naboprat, padlar Bodil og Randi vidare innover mot Natåselva, ein av dei beste aureelvane i Nordhordland.

Eva snur seg på rygg og berre nyt og flyt.

– Eg dukkar alltid på vegen inn att, seier ho plutselig og forsvinn under.

På veg opp steintrappa, i alle fall fem minuttar etter ho gjekk uti, seier ho at det er no det skjer.

Løyndommen oppstår nemleg når du kjem deg på land att.

Då skjer det noko heilt fantastisk, seier ho heilt salig i blikket.

Huda har fått ein fin rosafarge, men gåsehud har ho ikkje.

Og det merkelegaste av alt er at ho påstår det er varmt på land.

– Eg kan ikkje forklara det, det må berre prøvast, smiler ho.

Utrulege naturopplevingar

Eva badar kor tid som helst, når natta blir til dag eller når dagen vert til natt.

– Opplevingane er utruleg forskjellege, seier ho.

Grytidleg om morgonen når sjøen ligg som ein spegel, er det så vidt ho vågar å bryta vassflata.

Andre gonger badar ho i moreld. Er det springflod, kan ho rulla seg rett oppå kaien deira, fortel ho.

Under Berit-stormen fekk ho lyst å sitja nedi steintrappa og la etterdønningane av bølgjene dusja over seg.

Men den opplevinga undervurderte ho sterkt.

– Nokre magiske krefter tok meg med utpå eit lite stykke, men heldigvis tok eg neste bølgja inn att og kom meg i hus, ler ho.

Oppå og under isen

Når det er is på sjøen, synest ho det er herleg å berre leggja seg oppå han og smelta gjennom.

Å leika med isbitane og laga snøenglar i bikini etter eit sjøbad kan ho også anbefala.

Men ein må ikkje hasta på, men nyta det, understrekar ho.

Hadde Strilen kome på besøk nokre dagar før sørpa på bøen fraus, ville ho demonstrert eit «slush-bad» også, fortel ho.

Ein gong fekk ho lyst å prøva korleis det kjendest å liggja under isen.

Eit eksperiment som heilt klart kjem inn under kategorien «ikkje prøv dette heime».

– Det var heilt fascinerande, men fotografen fraus slik på peikefingeren at ho ikkje klarte å trykkja ned knappen.

Me måtte venta til dagen etter for å foreviga det, ler ho.

«Craisi laidi»!

For nokre år sidan opplevde ho ein båt med turistar som trudde ho var i fare.

– Dei stod i båten og veiva med ein mobiltelefon: «Ju, okai laidi?» 

Då eg nikka og bekrefta, rista dei på hovudet og forsvann i mørket: «Craisi laidi»!

At ho er craisi, synest dei to eldste borna på 13 og 15 år også.

Dei er flaue og vil mykje heller ha ei Facebook-mamma enn ei bademamma.

– Men dei svarte ikkje då eg kvitterte med kven dei trur har den sunnaste mammaen, seier ho.

Fekk morsdagsbadebrett

Tvillingane Ståle og Ina på åtte, synest det er kult at mamma badar kvar dag.

For pappa badar ikkje om sommaren eingong, fortel dei.

Ståle har til og med snekra utallege badeflåtar, brett og fjøler til henne med finurlege tryggleikstiltak på som tau, handtak, gjerde og ror.

– Å liggja på uhøvla plank med fleirtoms spikrar i, har gitt meg nokre riper i lakken, men alle er verdt opplevinga å sjå den strålande nøgde guten bak verket, seier ho og set brettet fint inntil naustveggen igjen til neste dag.

 

MÅ BERRE PRØVAST: – Den store løyndomen skjer når eg kjem på land att, seier Eva. MÅ BERRE PRØVAST: – Den store løyndomen skjer når eg kjem på land att, seier Eva.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler