Færre bilar att på kaiane i Leirvåg - Sløvåg
Med M/F Etne på plass i sambandet Leirvåg-Skipavik-Sløvåg skal færre bilar stå att på kaien når ferja går.
Publisert 17.07.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
Før helga var M/F Etne på plass for å avløysa M/F Eidfjord, og då gjekk
kapasiteten opp for personbilar og vogntog. Den nye ferja i sambandet
har ein kapasitet på 94 personbileiningar (PBE), mot tidlegare 75 på
M/F Eidfjord. Og medan gamleferja berre kunne ta med seg tre fullasta
vogntog, kan M/F Etne ta med seg ni.
? Det som var bøygen på M/F Eidfjord var avgrensinga for maksimal dekkslast. Den var på 150 tonn, og med tre fullasta vogntog kom ein opp i den vekta, seier styrmann Ørnes på M/F Etne.
Mannskapet på den nye ferja i sambandet er det same som før, med det unntak at dei er ein mann meir på Etne enn på Eidfjord.
? Grovt rekna kan ein ta med ni fullasta vogntog no. Det meste dei har hatt med då ferja gjekk i sambandet Bruravik-Brimnes skal vera elleve vogntog, seier styrmannen.
Om det nokon gong skulle verta trong for å ta med så mange vogntog på M/F Etne, er nedre bildekk einaste plassen for personbilane. Der er det plass til 29 bilar.
992 måtte stå att
Næringslivet i området har etterspurt ei ferje med betre kapasitet, og etter ein del venting kom M/F Etne i førre veke. Ferja kom då rett frå drift som «vikar» for M/F Melderskin, som hadde eit verkstadopphald.
Og med både auka kapasitet og eit dekk som toler større vekt, vert det færre bilar att på kaiane når ferja legg frå. Totalt sett for sambandet var det i juni 2007 heile 992 bilar som stod att på kaien, ein monaleg auke frå dei 105 som åtte «sitja att» i juni 2006. I mai 2007 var det 479 bilar som ikkje fekk plass på ferja i dette sambandet, mot 68 i mai 2006.
Trafikkauke
Når fleire bilar må stå att kjem det sjølvsagt av at Tide har opplevd ein trafikkauke på sambandet. Frå juni 2006 til juli 2007 gjekk trafikken opp med nesten 3.000 personbileiningar (PBE) i sambandet Leirvåg-Skipavik-Sløvåg, til 24.163 PBE totalt. Delt opp i enkeltstrekningar er auken størst for strekninga Sløvåg-Skipavik, der ein frå juni 2006 til juni 2007 har hatt ein auke på over tretti prosent, til 2.327 PBE. Auken for biltrafikken i trekantsambandet over Fensfjorden er jamt fordelt på alle kjøretøystorleikane, heilt opp til dei aller største som går i kategorien «Bil 22 meter». Her var det i juni 2007 med fem lange vogntog, mot tre i same månad året før.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]