Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Færre elevar i Meland

Del | |
MELAND: Det ligg an til ein nedgang i talet 1. klassingar i Meland til hausten frå 110 i fjor til 79 i år. Det vert fire elevar i 1.klasse ved Flatøy skule til hausten, dersom ikkje nokon flyttar til eller frå skulekrinsen. Tre av desse er f.v. Mia Wergeland Roos, Benjamin Samuelsen og Jon Alfred Natås. Men neste år ligg det an til ni 1. klassingar på Flatøy skule.
Publisert 08.02.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Alt frå neste år ligg det også an til at elevtalet er på veg opp igjen for heile kommunen, fortel konsulent Arnt Brakstad i Meland kommune. I kullet 2002 er det registrert 90 born i Meland. I tillegg er det venta tilflytting.
? Det brukar å skje ein del endringar i løpet av sommaren, så talet førsteklassingar kjem truleg til å auka noko, seier Brakstad.

Færre elevar
På Flatøy skule er det til no innskrive berre fire førsteklassingar som skal byrja til hausten. Det er færre enn på fleire år. Totalt går det 55 elevar på Flatøy skule.
Ved Grasdal skule er det innskrive seks komande 1. klassingar, noko som og er færre enn på lenge. Totalt på skulen er det i dag 76 elevar.
På Rossland skule er det 13 born som har skrive seg inn, også det litt lågare enn dei siste åra. Totalt går det 139 elevar på barneskulen på Rossland.
Ved Sagstad skule ligg det an til ein kraftig nedgang i talet 1. klassingar til hausten. Kullet i år er på 47 elevar, medan det er berre 32 som har skrive seg inn i år. Det betyr likevel at det må til to klassar ved skulen, noko ein må forventa i åra som kjem også. Det går i dag 260 elevar ved Sagstad skule.
Ved Vestbygd skule ser det ut til at elevtalet vert stabilt. Det er innskrive 24 1. klassingar til hausten, noko som er omlag som dei siste åra. Det er totalt 155 elevar ved skulen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler