Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Færre ulukker i 2006

Del | |
I det siste har ulukkene med personskade kome tett i den lokale trafikken. Men talet er på veg nedover, viser politiet sine tal.
Publisert 15.07.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Også me ved lensmannskontoret hatt ei kjensle av at det har vore alvorlege trafikkulukker nærmast annankvar dag. Men heldigvis viser tala ein nedgang første halvår 2005 samanlikna med i fjor.
Det seier politioverbetjent Svein Fammestad ved Lindås og Meland lensmannskontor etter å ha summert tala tidlegare denne veka.

To færre ulukker
Tala Fammestad har summert, gjeld Lindås og Meland, Radøy, Austrheim og Fedje.
Dei første seks månadene har området hatt 15 trafikkulukker med personskade, inkludert dødsulukker.
? Dette er ein nedgang på to frå same tidsrom i 2005, opplyser Fammestad.
Han viser til at det var få ulukker på ettervinteren, medan ulukkene har kome tettare dei siste vekene.
Når Fammestad går tilbake i statistikken, viser tala ein jamn nedgang frå slutten av 1990-talet.
? Berre for Lindås og Meland lensmannskontor hadde me i 1998 38 trafikkulukker med personskade. Året etter var det to færre. I 2004 var me nede i 22, opplyser Fammestad.

Dårleg vegdekke?
Fammestad presiserer at desse tala fram til og med 2004 gjeld Lindås og Meland. Frå 2005 er også Radøy og Austrheim og Fedje med i statistikken.
  Ein lesar som har notert seg ekstra mange ulukker i det siste, spør seg om dårleg vegdekke med overvatn kan vera årsaka.
«Vegane i distriktet er så nedslitne at det er seks til 10 centimeter med vatn i hjulspora når det regnar», skriv ein mann i ein e-post til Strilen. Han viser til at det så lenge han hugsar har kome ei lita «elv» over vegen i Alverstraumen når det regnar. Han siktar til området ved dei gamle butikkane. Mannen spør difor om ikkje det offentlege har ein del av ansvaret for ulukkene i det siste.
? Det er vanskeleg å hevda at det har vore nokon auke i vassplaning, seier Svein Fammestad ved lensmannskontoret. Men han viser til at politiet alltid vurderer kva årsaka kan vera etter ei ulukke med personskade.
? Nedslitne dekk er til dømes ikkje gunstig når det er overvatn. Derimot kan slike dekk vera ein føremon på tørr veg. Sterk motsol er skummelt og har meverka ved fleire lokale ulukker, påpeikar Fammestad.
Han seier at mange ulukker skjer på ettermiddagen, når det er tett trafikk og folk er trøytte etter ei dag på jobben.

Høgast i fylket
Trass nedgang i talet på ulukker, viser statistikken at Nordhordland ligg høgare enn resten av fylket.
? Med E39 har me ein enorm gjennomgangstrafikk. Og det er litt av forklaringa. Difor er også Nordhordland eit område som UP prioriterer høgare enn andre stader, seier Fammestad.
Tretten menneske har mista livet i trafikken i Region Vest første halvår i år, mot 20 i tilsvarande periode i fjor. I Hordaland har sju mista livet så langt i år.
? Trenden er at færre vert drepne i trafikken. Det er urovekkande om tala viser det anleis i nokre regionar, seier Hans Olav Hellesøe i Statens Vegvesen.
Han har arbeidd med statistikken for dødsulukker, og påpeikar den positive nedgangen i dødsfall i mellom anna Rogaland.
? Det er flott, men me må hugsa på at tala er små og varierer, seier Hellesøe. Talet på dødsulukker i Nordhordland er stabilt. Første halvår har ein person omkome i trafikken i Nordhordland, slik tilfellet også har vore dei føregåande åra. 


---- men ein smell annankvar dag i juli

Åtte trafikkulukker på 15 dagar, i snitt ei ulukke annakvar dag i juli. Det er status dei siste par vekene.
På Risnes var to karar utfor vegen første helga i juli, og i veka som følgde, small det kraftig i Alverstraumen. Førre søndag var det på Nordhordlandsbrua det gjekk gale med front mot front, samt at det har vore to ulukker ved Furebergtunellen siste veka. Ein motorsyklist mista kontroll over sykkelen på Litlebergen mandag kveld. Alverstraumen stod igjen i fokus tysdag, då ein lastebil velta ved skulen, og atter ein gang natt til fredag, då ein mann køyrde i grøfta ved Remme.

Furebergtunellen
To kollisjonar ved Furebergtunellen den siste veka har resultert i svært øydelagde bilar, men mirakuløst nok ingen personskadar. Begge bilane som var involverte i ulukka måndag kveld var godt smadra. Men sjåførane hadde flaksen på si side, og dei kom frå ulukka utan fysiske skader. Den kraftige samanstøyten skjedde då ein polsk bilførar, som hadde stoppa i ei veglomme på sørsida av Furebergtunellen, skulle køyra ut att på vegen. Den raude bilen, med polsk førar og ein passasjer, var skjult av ein mjølkebil som stod parkert i veglomma. Dårleg sikt og 80-sone lot seg dårleg kombinera, og ungdommen som kom køyrande frå Knarvik hadde ikkje sjanse til å styra unna bilen som brått kom ut i køyrebana. Politiet kom raskt til staden, men ambulanse vart ikkje tilkalla, då ingen kom til skade i samantreffet.
Også tysdag i førre veke small det like før Furebergtunellen. Då Strilen var på staden, vart ein bil med store skadar henta av NAF. Politiet har ikkje fått melding om personskadar.

Meland
Ein mann i tjueåra mista kontrollen over motorsykkelen sin på Litlebergen mandag kveld. Politiet fekk melding om ulukka i ti-tida om kvelden.
? Det ser ut til at han har mista kontrollen over sykkelen. Føraren har ramla av og sklidd langs vegen, kanskje også i fjellveggen, opplyser politibetjent Glenn Ulrik Våge ved Lindås og Meland lensmannskontor.
Det er ikkje mistanke om promillekøyring, men politiet kan ikkje utelukka at motorsyklisten har hatt høg fart.
? Ulukka skjedde på ei strekning der fartsgrensa ikkje tilseier at ein lett mister kontroll over køyretyet, men me veit ikkje årsaka til ulukka enno, seier Våge.
Mannen vart køyrd til Haukeland med ambulanse. Ingen andre var innblanda i ulukka. I Meland vart det også teke ein mann med promille denne veka. Tysdag stoppa politiet ein bil på Frekhaug grunna rar køyring. Det vart tatt blodprøve av den eldre karen, som er mistenkt for promillekøyring.

Alverstraumen
Alverstraumen har vore råka av to trafikkuhell denne veka. To personar vart skadde etter at ein liten lastebil snurra rundt i Alversund like etter klokka 12.30 tysdag. Ulukka skjedde ved krysset der vegen tar av mot Feste.
? Meldinga kom kl. 12.42 og seier at to personar skal vera skadde, seier operasjonsleiar Svein Johannesen ved Hordaland Politikammer til Strilen eit kvarter etter ulukka.
Då var politi, brannvesen og ambulansar på veg til ulukkesstaden. Dei to skadde var førar og passasjer i lastebilen. Ingen andre køyretøy var involverte i ulukka. To personar vart frakta til lege med sjukebil med lettare skadar. Grunnen til at bilen snurra, skal vera oljesøl i vegen ved avkøyringa til Feste.
? Bilen var på veg sørifrå i retning mot Radøy. Han har kome borti ein murkant like før fotgjengarovergangen, fått kast og snurra rundt, opplyser Ole G. Hitland ved Lindås og Meland lensmannskontor til Strilen på ulukkesstaden.
Ulukka var igjen ute då ein mannleg bilførar måtte på legevakten i Knarvik etter ei utforkøyring på Remme i Alverstraumen ved midnatt onsdag kveld.
? 63-åringen køyrde utfor og i eit tre. Han klaga seg for smerter i ryggen, opplyser lensmann Einar Vatne torsdag føremiddag.
Både sjukebilar, brannbil og politi rykte ut.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler