Fann 4000 år gammal pilspiss
MASFJORDEN: Elleve år gamle Andreas Meinich-Bache frå Stavanger var på sommarferie hos mormor og morfar i Masfjorden då han fann ein minst 4000 år gammal pilspiss..
Publisert 17.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
? Dette var litt av ein lekkerbisken, sa dei på Arkeologisk Museum i Stavanger då dei fekk sjå pilspissen som Andreas Meinich-Backe fann ved Risnes for eit par veker sidan.
Det fortel mor til Andreas, May Sissel Fagervik, til Strilen.
Andreas var på besøk hos besteforeldra på Risnes i sommar. Då var han ute og bada i nærleiken, og då han snorkla i strandkanten på om lag ein meters djup, såg han noko som stakk opp av sanden. Då han såg nærare på det, såg det veldig ut som ein pilspiss av stein.
På museum
Sidan Andreas bur i Stavanger, tok han steinen med seg dit og gjekk på Arkeologisk Museum der for å la fagfolk fastslå om han verkeleg hadde gjort eit spennande funn, og det hadde han.
? På museet sa dei at pilspissen var minst 4000 år gammal, og at det var eit veldig fint eksemplar, fortel mora.
Pilspissen er laga av skifterstein.
Til Bergen
Sidan pilspissen vart funnen i Hordaland, er han no oversend til Kulturhistoriske samlinger ved Bergen Museum.
? Pilspissar frå denne perioden, yngre steinalder, er ikkje så uvanlege, men dei er alltid interessante fordi dei viser at her har vore ein steinalderbusetnad i nærleiken, fortel forskar Søren Diinhoff ved Bergen Museum til Strilen.
Etter det han kjenner til, skal det ikkje vera gjort så mange slike funn i denne delen av fylket.
Dermed har kanskje ein vaken, unge mann frå Stavanger gjort sitt til å skaffa fram ny kunnskap om korleis det var i Masfjorden i steinalderen.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]